Søk i fylkesarkivet sitt bibliotek
Fylkesarkivet held til i Fylkeshuset på Hermansverk, og du finn lesesalen og biblioteket på høgre hand når du kjem inn hovudinngangen.
Studere arkivmateriale?
Dersom du ønskjer innsyn i arkivmateriale, må du avtale tid med ein sakshandsamar på førehand. Dette for at vi skal leggje til rette og finne fram det du ønskjer å sjå av arkivmateriale. Oversikt over kven som arbeider med dei ulike fagområda på fylkesarkivet finn du her.
Her kan du lese reglementet for bruk av lesesalen.
Bruke biblioteket?
På lesesalen finn du ei samling med lokalhistoriske bøker og trykksaker. Boksamlinga er delt inn i fogderi, fylke og kommunar. I tillegg har vi faglitteratur og tidsskrift innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvaltning og arkiv.
Lesesalen inneheld og ei mindre samling mikrofilma folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser.
Bøker, tidsskrift og mikrofilmar er registrerte i ein elektronisk base. Her har du mange søkjemuligheiter på bøker og andre medium. Søk i fylkesarkivet sitt bibliotek (Sogndalsbasen, avdeling Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).
Ønskjer du å søke i lokalhistoriske artiklar frå gamle Sogn og Fjordane, kan du nytte fylkeskommunen sin database på nett: Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane (også kjend som Fjognedok).
Kontakt oss om du har spørsmål knytt til lesesalen og biblioteket, eller om du ynskjer å sjå på arkivmateriale.