Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune, nærings- og kulturavdelinga.

Vil du delta i fotokonkurranse? Last opp eit artig, morosamt eller illustrerande bilete med tema «skule», på Facebook eller Instagram, og merk det med emneknaggen #skulenmin. Meir info og konkurransereglar finn du på sfj.no.

Les meir om prosjektet Skulen min på Sogn og Fjordane fylkeskommune sin nettstad og på lokalhistoriewiki.no