Om seksjon arkiv

Lurer du på kven vi er og korleis vi er organisert?

Seksjon arkiv er ein del av avdeling for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune. Vi forvaltar arkiv- og kjeldemateriale frå heile Vestland fylke. 

Vi tek vare på, gjer tilgjengeleg og formidlar offentleg og privat kjeldemateriale. Arbeidet med privatarkiv og anna kulturhistorisk dokumentasjon er organisert i fagområda privatarkiv, foto, musikk, stadnamn og digital kulturformidling.

Gjennom ein samla og heilskapleg samfunnsdokumentasjon legg vi til rette for at publikum skal kunne bruke arkiva og kjeldematerialet i ulike samanhengar. Det kan vere som grunnlag for historisk forsking og formidling, dokumentasjon av rettar eller til bruk i samfunnsforvaltning. 

Fylkesarkiva i Hordaland og Sogn og Fjordane vart samla frå januar 2020.

Kommunale arkiv

Fylkeskommunen er vertskap for Kommunearkivordninga i Vestland, eit kommunalt oppgåvefellesskap som består av 18 kommunar og Vestland fylkeskommune. Deltakarane samarbeider om arkivtenester for å sikre at arkiva vert handtert, tekne vare på og formidla i samsvar med gjeldande lovverk. Kommunearkivordninga yter utviklings- og rådgjevingstenester for medlemskommunane, og har etablert eit fellesdepot for deltakarane sine papirbaserte og elektroniske arkiv.

Forvalting av offentlege arkiv er regulert av offentleglova. Den slår fast retten til innsyn i offentlege arkiv. Alle, både samfunnsaktørar og enkeltindivid, har rett til innsyn i offentlege arkiv.

Les meir om Kommunearkivordninga