Hordaland fylkesarkiv - Frå lokalhistorisk rettleiingsteneste til fylkesarkiv

Try-utvalet, som kom med si innstilling i 1983, gjekk inn for at kvar kommune burde etablera eit lokalhistorisk arkiv der ein kunne ta vare på ikkje-offentleg arkivmateriale, fotokopiar og mikrofilm, foto, stadnamn og andre kjelder som var av lokal interesse. På fylkesplan burde det skipast ein rettleiingsinstans for arbeidet.

Illustrassjon frå magasinet Byarken 1994.Fylkeskultursjefen i Hordaland, Aasmund Mjeldheim, var medlem i utvalet. I 1986 fekk han gjennomslag for å oppretta ei mellombels lokalhistorisk rettleiingsteneste med arkivar i halv stilling. Den overordna målsetjing var å fremja arbeidet med lokalhistoriske arkiv og lokalhistorie i fylket. Tenesta vart permanent frå 1990. Same året flytte den fylkeskommunale sentraladministrasjonen til fylkeshuset i Lars Hilles gate. Arkivproblema i samband med flyttinga førte til etablering av eit mellombels fylkesarkiv frå 1991. Året etter vedtok fylkes­tinget at arkivet skulle vera permanent frå 1993, og at det skulle overta arbeidet til Lokalhistorisk rettleiingsteneste. Arkivet har 3 faste stillingar: fylkesarkivar, førstearkivar og fullmektig. I tillegg er det i skrivande stund engasjert 4 personar til arkivarbeid ved hjelp av eige budsjett og arbeidsmarknadsmidlar.

Arbeidsområde

Fylkesarkivet skal:

  1. ha overordna tilsyn med arkiv og arkivlokale i heile fylkeskommunen med ansvar for utrbeiding av arkivinstruksar, inspeksjon av arkiv og arkivlokale, utarbeiding av arkivplanar og konkrete retningsliner for kassasjon. I tillegg vurdering av moderne arkivsystem, overgang til mikrofilm og edb samt opplæringstiltak.
  2. ta vare på dei fylkeskommunale arkivsakene som er bevaringsverdige, men som det er mindre bruk for i administrasjonen.
  3. sørgja for at ikkje-offentleg arkivmateriale og andre typar kjeldemateriale (film, foto, lydma­teriale, munnlege kjelder m.m.) vert teke vare på av fylkesarkivet eller andre arkivinstitusjonar og samlingar i fylket. Det vil vera ei naturleg oppgåve for fylkesarkivet å ta vare på arkiv etter fylkesomfemnande organisasjonar og bedrifter.
  4. vera konsulent for kommunane sitt arbeid med lokalhistoriske arkiv og gjeva råd om bygdebokarbeid. Ei viktig oppgåve er også å ha god kontakt med historielag og andre kulturvernlag i fylket.

Arkivmateriale og aktuelle arbeidsoppgåver

Byarken_1994.jpg

Fylkesarkivet har kontor, lesesal og magasin i fylkeshuset i Lars Hilles gate 22. Til no har arkivet teke mot rundt 1000 hyllemeter bevaringsverdig arkivmateriale frå den fylkeskommunale sentraladministrasjonen, hvpu-institusjonar og ein god del andre fylkeskommunale tiltak. Her finst også nokre få ikkje-offentlege arkiv.

Mesteparten av arkivmaterialet er yngre enn 20 år, dvs. frå etter at fylkeskommunen fekk sjølvstendig administrasjon i 1976. Eit viktig tidsskilje er 1972 då Bergen fylke vart ein del av Hordaland. Samstundes overtok fylkeskommunen ansvaret for ei rekkje vidaregåande skular. Arkiva frå desse skulane er såleis Byarkivets ansvar til og med 1971.

Våren 1994 etablerte arkivet eit Arkivforum for arkivmedarbeidarane i fylkets sentraladministrasjonar samstundes som 5 av desse deltar på Arkivakademiets 2-semesters studium. Fylkesarkivet er elles med i arbeidet med vurdering av nytt sak/arkiv-system (edb-journalisering).

I tillegg til arbeidet med å ordna fylkeskommunale arkiv har fylkesarkivet også teke på seg å ordna ein del private arkiv. Aktuelle eksempel er Sparebanken Hardangers arkiv (i samarbeid med Statsarkivet) og Ottesen skipsbyggeri. Desse arkiva skal attende til respektive Hardanger folkemuseum og Stord kommune. Akkurat no har me eit samarbeid med Hordaland sang- og musikkråd om ordning av eldre arkivmateriale på fylkesnivå. Fylkesarkivet fungerer også som fellesteneste for arkivarbeidet ved musea i fylket. Ved fleire av musea er det også lokalhistoriske arkiv (t.d. Odda, Osterøy). I tillegg er det slike arkiv ved kulturkontor og bibliotek. Det er ei viktig oppgåve for fylkesarkivet å gjeva råd om innsamling og ordning av materiale ved desse arkiva. Me har også god kontakt med Lokalhistorisk arkiv i Bergen.

Når det gjeld andre typar kjeldemateriale har det vore arbeidd mest med å stimulera til innsamling av stadnamn (saman med dei kommunale kulturkontora og Nordisk institutt ved Universitetet). I lag med Byarkivet har Fylkesarkivet stått for ei registrering av eldre filmar i fylket (sjå Byarken 1/1993 s. 6). I samarbeid med Statsarkivet er det laga dataregister til branntakstprotokollar for Hordaland (utanom Bergen).

Det må også nemnast at fylkesarkivet administrerer arbeidet med å skriva Nord- og Midhordland (Strilelandet) si historie frå dei eldste tidene til i dag. Arbeidet med Strilesoga tok til i 1992. Til no har 4 forfattarar vore i arbeid, og det er rekna med at første bandet kjem ut neste år. Prosjektet er med og stimulerer arbeidet med lokalhistorie og kjeldevern i dette distriktet.

Samla sett er det fylkesarkivet si målsetjing å fremja arbeidet med å samla inn, ta vare på og bruka lokalhistorisk kjeldemateriale. I arkivet sitt arbeid vert det lagt vekt på samarbeid med dei mange store og små arkivinstitusjonane og samlingane i fylket. Hordaland er einaste fylket med både statsarkiv, fylkesarkiv, byarkiv og interkommunalt arkiv i tillegg til fleire lokalhistoriske arkiv og rike samlingar ved universitetet. I dette fylket finst det difor eit godt grunnlag for lokalhistorisk arbeid. Som ei hjelp for dei mange lokalhistorisk interesserte har fylkesarkivet utarbeidd ei 12 siders oversikt med tittelen "Lokalhistorie i Hordaland. Informasjon om handbøker, litteratur, kjeldemateriale og adresser". Oversikta kan ein få ved å venda seg til Hordaland fylkesarkiv, Kulturetaten, 5020 Bergen.