Nye personvernreglar: The General Data Protection Regulation (GDPR)

fylkesarkivet.no er hovudnettstaden til Fylkesarkivet i Vestland, og her finn du informasjon om arkivet og tenestene våre. Personvernerklæringa gjeld for alle våre nettstadar. Fylkesarkivet ved fylkesarkivaren har det redaksjonelle ansvaret for nettstadane.

Dine personopplysingar

Tilgang til dine personopplysningar er avgrensa til tilsette som må sjå dei for å gjere jobben sin. Alle våre tilsette har teieplikt om alle opplysningar dei handsamar i jobbsamanheng. Vi gjev aldri frå oss opplysningar om deg til andre partar med mindre slik utlevering er lovbestemt, naudsynt for å oppfylle ein avtale med deg, eller for å rette eit krav mot deg. Det vert stilt same krav til tryggleik og konfidensialitet hjå våre eksterne leverandørar som hjå oss sjølve. Fylkesarkivet nyttar ulike leverandørar for å levere tenestane vi tilbyr. Slike leverandørar kan i nokre tilfelle få ansvar for å behandle personopplysningar.

Informasjonskapslar (cookies)

Ved å gå inn på nettsidene våre, samtykker du i å få informasjonskapslar i nettlesaren din. Du kan seie nei lagring av informasjonskapslar, men det kan gjere at nettsidene ikkje fungerer optimalt. Informasjonskapslane blir ikkje knytta til deg som person. Ei IP-adresse er definert som personopplysning fordi den kan sporast tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Fylkesarkivet nyttar Google Analytics sin funksjon for å anonymisere IP-adressa før informasjonen vert lagra. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa nyttast til å identifisere brukaren.

Webanalyse

Vi samlar inn opplysningar frå besøkande på fylkesarkivet.no for å utarbeide statistikk slik at vi kan lage eit mest mogleg brukarvennleg nettstad. Opplysningane vi samlar kan ikkje identifisere eller sporast attende til brukaren. Alle data vert anonymisert og slått saman til ei gruppe og blir ikkje behandla individuelt. Om du ikkje ønskjer å bidra til analyse av bruken av nettsidene våre, kan du reservere deg mot det.

Google Analytics

Fylkesarkivet i Vestland brukar statistikkverktøyet Google Analytics. Verktøyet brukar cookies for å analysere korleis brukarar nyttar nettstaden. Informasjonen som vert generert av ein slik cookie ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Mottekne opplysningar er underlagt Google sine retningsliner for personvern. Alle IP-adresser blir anonymiserte. Korkje databehandlarar eller Google kan spore eller bruke desse opplysningane vidare.