Besøk 

  1. Du må/bør avtale besøk på førehand for at vi skal kunne gi deg ordentleg sørvis. Vi finn fram det materialet du vil sjå på før du kjem, og det tek tid. Vi kan be deg om legitimasjon (avhengig av materiale). Du skriv deg inn i besøksprotokollen når du kjem og når du går. Ved første besøk skriv du på ei brukarfråsegn. 

  1. Veske og ute-klede kan du legge i ein av stolane eller henge i garderoben i vestibylen. Fylgjehund/assistenthund kan vere med inn. Avtal med vakta om bruk av eigne hjelpemiddel. Lesesalsvakta kan kontrollere papir og anna du tek med deg ut frå lesesalen.  

  1. Viss du vil ete eller drikke, må du nytte kantina i 1. etasje eller kafé på Hermansverk. Det er toalett ute ved kantina. 

  1. Viss det er fleire gjester enn deg på lesesalen, må du vise omsyn. Sett mobiltelefonen på lydlaus og gå ut viss du skal snakke i telefonen. 

  1. Opningstida er 09.00 til 15.00.

Om arkivsakene og korleis du tingar dei  

  1. Arkivsaker tingar du på førehand anten på telefon eller gjennom post. Ver merksam på at det kan ta tid å finne fram nokre typar arkivmateriale. Innsyn i dokument får du etter gjeldande lover, reglar og klausular. Du som arkivbrukar fyller ut ei brukarfråsegn ved første besøk. Denne forklarer den teieplikta du har. 

  1. Ver varsam når du blar i dokumenta. Du må ikkje skade deiIkkje bruk post-it-lappar. Du får andre papirlappar av lesesalsvakta for å merke det du ynskjer kopi av. Dokumenta må du la ligge i omslaga i den rekkefylgja dei låg i då du fekk deiIkkje bruk arkivsaker som underlag når du noterer. Når du leverer attende arkivet, så sei i frå om du vil bruke dei på nytt. 

  1. Du kan fritt bruke bøkene på lesesalen, men du kan ikkje låne dei med deg. Dei er til bruk for besøkande og for arkivarane. Når du er ferdig med bøker, leverer du dei til lesesalsvakta. 

  1. Gi alltid opp kjelde når du brukar materiale frå fylkesarkivet som utgangspunkt for skriftlege arbeid. 

  1. Du må ikkje bruke opplysningar som kan såre eller krenke andre. Du som brukar er ansvarleg for det du skriv. 

  1. Fylkesarkivet ynskjer tips om det du skriv, om det er i eit lokalhistorisk skrift eller ei bok. Då vil vi gjerne kjøpe boka/skriftet til samlinga vår. 

Skanning og kopiering 

  1. Vi kan kopiere eller skanne dokument til deg i rimeleg omfang. Viss du ynskjer deg veldig mange papirkopiar, må vi kopiere dette etter besøket ditt og sende i posten. Skanne gjer vi også etter besøket ditt og sender til e-posten din. Protokollar eller dokument som tek skade av kopiering eller skanning, handsamar vi ikkje. 

Brot på reglementet 

  1. Viss du bryt reglementet, kan vi nekte deg tilgang til lesesalen. 

  1. Viss du medvite stel eller øydelegg arkivmateriale vil fylkesarkivet melde deg til politiet. 

  

Vedteke: Leikanger vinteren 2020