I oversynsartikkelen Ta i bruk kommunale arkiv i slektsgranskinga kan du lese meir om kva du kan finne i dei kommunale arkiva. 

I dei private arkiva kan du finne foto av personar, gardar og mykje anna, amerikabrev og stadnamn som fortel historia til ein stad. Vi har store mengder arkiv etter lag, organisasjonar og bedrifter, men også personarkiv som er ei viktig kjelde til samfunnsdokumentasjon. Ei oversikt over desse (arkivkatalog) finn du på Arkivportalen.

Ein del av arkiva våre, både private og kommunale, er digitalt tilgjengelege på heimesida vår. Dei er sortert etter kommunar. 

På nettsidene til Digitalarkivet kan du søkje i folketeljingar, kyrkjebøker, emigrantprotokollar, tingslysingsbøker, m.m, og du vil finne både scanna materiale og fulltekstavskrifter.