Historikk

Første nummeret av Kjelda kom ut 1. august 1992. I frå den perioden og fram til desember 2020 vart det publisert over 2000 artiklar. Intensjonen med dette magasiner var å fortelje om Fylkesarkivet, om arbeidsoppgåvene og om alt det gode arbeidet som skjer over alt i Sogn og Fjordane. Kjelda har vore viktig for å kome vekk frå ideen om arkiv som noko statisk, fjernt og utilgjengeleg. Arkiv er både levande, forteljande og identitetsskapande. 

Kjelda vart lagt ned

At Kjelda vart lagt ned ved årsslutt 2020 skuldast i hovudsak to faktum. Sogn og Fjordane fylkeskommune er blitt Vestland fylkeskommune. Det er for krevjande å dekke ein så stor region på ein måte som gjer at den treff lesarane i heile fylket heime med innhaldet. 

Det andre faktum er at fleire og fleire nyttar digitale løysingar framfor dei tradisjonelle analoge løysingane. Dette har vi merka gjennom stadig færre abonnentar, trass i at det har blitt teke til dels omfattande initiativ, for å auke abonnementsmassen.

Vi skal framleis formidle kjeldene

Fylkesarkivet skal framleis ha som målsetjing å gje kunnskap til innbyggarane i Vestland om arkivarbeidet og kva som finst i arkiva. Som Kjelda har vist oss, er beste måten å gjere dette på, å formidle frå kjeldene. Det finst mange måtar å gjere dette på, men ein føresetnad for å lukkast er at vi er til stades på dei same arenaene og plattformene som brukarane er. Dette gjev utfordringar i dagens digitale samfunn, men det gjev like mange moglegheiter. 

Til slutt skal ein heller ikkje gløyme at mange av artiklane i Kjelda er tidlause. Dette tyder at det ligg eit ansvar hjå oss å syte for at desse kjem mange til del også i framtida. Eldre utgåver av Kjelda (1992-2014) kan du lese gratis på ISSUU. Dei siste tre årgangane er låst for abonnentar. Ta kontakt om du ønskjer tilgang til desse. 

 

Har du spørsmål om Kjelda?

Ta kontakt med Per Olav Bøyum.