Fylkesarkivet i Vestland er ein del av The Commons på Flickr. Alle våre bilete som er del av The Commons på Flickr er merka "no known copyright restrictions".

Merkinga tilkjennegir at vi ikkje kjenner til at det er opphavsrettslege avgrensingar knytt til bileta som er merka på dette viset; anten fordi vi eig opphavsretten og har valt å seie frå oss denne retten, vernetida er gått ut eller fordi vi ikkje har funne prov på at opphavsrettslege avgrensingar er gjeldande.

Sjølv om bileta som vi har lasta opp på The Commons på Flickr er frie for opphavsrettslege avgrensingar, kan andre tredjepartsrettar, som retten til personvern og retten til å bli namngjeven, vere gjeldande.

Når du nyttar eit bilete frå The Commons på Flickr vil vi gjerne at du referer til:

  • Fotografen
  • Fylkesarkivet i Vestland

Fotografia i samlinga vår er generelt sett meint til å bli brukt til private føremål, utdanning eller forsking. Vi oppmodar deg om å undersøkje gjeldande lovverk før du brukar fotografia til andre føremål. Det er vidare vårt prinsipp å krevje arkivavgift for å levere høgoppløyselege filer til kommersielle føremål. Avgifta er med på å finansiere arbeidet med å bevare og digitalisere samlingane våre. Kontakt oss for å kjøpe kopiar på fotopapir eller høgoppløyselege filer: fylkesarkivet@vlfk.no

English version.