Tenester frå samarbeidet (basistenestene)

Deltakarar i Kommunearkivordninga i Vestland har rett til å få utført følgjande tenester frå samarbeidet (basistenestene):

a) få ordna, registrert og katalogisert eldre arkiv skapt før 1964 
b) hjelp til formidling og handsaming av førespurnader i eldre arkiv skapt før 1964 
c) deponere personregisterarkiv og få attendelån frå desse 
d) få faglege råd i arkivfaglege spørsmål knytte til både arkivdanning og deponering 
e) rettleiing og oppfølging i arkivplanarbeidet 
f) delta på Kontaktkonferansen, Kontaktmøtet og andre aktuelle samlingar

Depottenester

Papirdepot

Deltakarane kan inngå avtale med Kommunearkivordninga om avlevering av eldre og avslutta arkiv til arkivdepot (papirdepot). I arkivdepotet skal arkiva takast vare på for ettertida og gjerast tilgjengelege for bruk i samsvar med arkivforskrifta og «forskrift om utfyllende tekniske og arkivfaglige bestemmelser om behandling av offentlige arkiver (Riksarkivarens forskrift)».   

Elektronisk depot

Deltakarane kan inngå avtale med Kommunearkivordninga om deponering av elektronisk arkivmateriale (elektronisk depot). I arkivdepotet skal arkiva takast vare på og vere tilgjengeleg for innsyn, jf. arkivforskrifta og Riksarkivarens forskrift.