Dei kommunale arkiva er ein del av den samla samfunnsdokumentasjonen og er viktige i trygginga av dei demokratiske rettane våre. Dei er ei omfattande samling med kjelder som kan danne grunnlag for gransking av administrasjonshistorie og lokalhistorie.

Kva har vi? 

Kommunearkivordninga i Vestland KO er sentraldepot for 18 kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og Vestland fylkeskommune. I 1837 fekk vi formannskapslova, som var starten på kommuneforvaltninga og lokalt sjølvstyre. Vi har kommunale arkiv frå 1837 og fram til i dag i vårt depot

Ein del kommunale arkiv er skanna. Desse finn ein på eigen modul på heimesida vår: Digitaliserte dokument.

Arkivkatalogar

Arkivkatalogane gjev eit oversyn over dei kommunale og fylkeskommunale arkiva Kommunearkivordninga i Vestland oppbevarer: følg lenke for oversikt over arkivkatalogane.