Kommunalt oppgåvefellesskap

Kommunearkivordninga i Vestland KO er eit sjølvstendig rettssubjekt og samarbeidet er heimla i kommunelova.[i]

Føremålet til samarbeidet er å leggje tilhøva til rette for at arkiva til deltakarane vert handtert, tekne vare på og formidla i samsvar med arkivlova sine føremål og føresegner. Samarbeidet yter depottenester for deltakarane sine papirbaserte og elektroniske arkiv, og tilbyr deltakarane tenester, i all hovudsak ordnings- og digitaliseringstenester. Samarbeidet skal sørgje for at arkiva til deltakarane vert gjorde tilgjengelege for offentleg bruk, forsking og andre administrative og kulturelle føremål.

Deltakarar

  • Askvoll kommune
  • Aurland kommune
  • Bremanger kommune
  • Fjaler kommune
  • Gloppen kommune
  • Gulen kommune
  • Hyllestad kommune
  • Høyanger kommune
  • Kinn kommune
  • Luster kommune
  • Lærdal kommune
  • Stad kommune
  • Sogndal kommune
  • Solund kommune
  • Sunnfjord kommune
  • Stryn kommune
  • Vik kommune
  • Årdal kommune
  • Vestland fylkeskommune

Representantskap

Representantskapet er øvste myndigheit i samarbeidet. Alle deltakarane er representert her. Det skal haldast årsmøte i representantskapet innan utgangen av april, og elles ved behov.

Styret 

Styret for samarbeidet er valt av representantskapet. Desse vart valde for 2 år på årsmøtet 13. april 2021:

Styremedlemmar:

  • Geir Liavåg Strand, Gloppen kommune (styreleiar)
  • Lise Mari Haugen, Sunnfjord kommune (nestleiar)
  • Linda A. Myhre Larsen, Kinn kommune
  • Katrine Røkke Wilson, Vestland Fylkeskommune
  • Arnvid Hovland, Høyanger kommune

Varamedlemmar:

  • Reidun Sørestrand Hågvar, Sogndal
  • Irene Sivertsen, Kinn kommune
  • Solveig Masdal Haugsvær, Sunnfjord kommune
  • Nina Helen Flatebø, Sogndal kommune

Kontor og tilsette

Vestland fylkeskommune er vertskommune, og kommunearkivordninga er organisert som ei av to fageiningar i seksjon arkiv, i avdeling for kultur, idrett og inkludering. Vestland fylkeskommune har arbeidsgjevaransvar for til dei tilsette. Vi er samlokalisert med resten av fylkesarkivet, organisert som seksjon arkiv i fylkeskommunen. Vi har kontor, ordningsrom, digitaliseringsstasjonar, møterom og depot på fylkeshuset på Leikanger, i Sogndal kommune.

Seksjonssjef for arkiv i Vestland fylkeskommune, Arnt Ola Fidjestøl, er dagleg leiar for samarbeidet. Kommunearkivordninga har i tillegg til dette per 1.1.2022 9 fast tilsette i 100 % stilling: 1 fagleiar, 5 rådgjevarar og 3 arkivmedarbeidarar. 

Grunnlagsdokument: 


[i] Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova) kapittel 19, §19-1-§19-4. Digital utgåve på lovdata.no.