Personregister - det offentlege sin dokumentasjon på deg

Denne dokumentasjonen skal dokumentere om det offentlege har utført dei pliktene og oppgåvene dei er pålagde å tilby deg som innbyggjar. Dette gjeld til dømes dokumentasjon frå sosialtenesta, barnevern, PPT, barnehage, skule, pleie og omsorg, helsestasjonar og tannhelse.

Fylkesarkivet er eit depot (oppbevaringsstad) for kommunale og fylkeskommunale arkiv. Det vil sei at kommunane og fylkeskommunane framleis er eigarar av arkiva. Vi oppbevarer personregister som har gått ut av administrativ bruk for medlemmene i kommunearkivordninga, og har materiale frå Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og alle kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Ønskjer du innsyn i dokumentasjon knytt til deg? 

Alle har rett til innsyn i dokumentasjon knytt til seg sjølv. 

Kommunale arkiv

Om du vil ha innsyn i arkiv frå til dømes pleie og omsorg, barnehage, skule, kommunale PPT-kontor, barnevern, og helsestasjon, må du direkte kontakt med den aktuelle kommunen som vidare får henta ut materialet til deg. 

Fylkesarkivet i Vestland gjer ingen innsynsvurderingar i dokumentasjonen frå personregister. Innsynsvurdering skal gjerast av fagpersonar i kommunen.

Fylkeskommunale arkiv

Om du vil ha innsyn i arkiv frå fylkeskommunane, til dømes institusjonar, enkelte sjukehus og fylkeskommunale PPT-kontor tek du kontakt med Vestland fylkeskommune på e-post eller tlf. 05557. 

Vi gjer merksam på at PPT-ordninga er organisert av både kommunar og fylkeskommunar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kven du skal vende deg til: Tilsette ved Fylkesarkivet i Vestland