Laget får stå som representant for alle dei kvinnene som gjennom frivillig organisert innsats sette velferd på den offentlege dagsordenen.  

Kvinner som drivkraft for velferdsutviklinga

Det er så lett å gløyme at dei universelle velferdsgodane vi  alle nyt til dagen ikkje har kome siglande på ei fjøl, men er resultat av mangeårig politisk kamp og press. Ikkje minst er det lett å gløyme og oversjå dei mange kvinneorganisasjonane og deira innsats i bygginga av velferdsstaten.

Frå siste del av 1800-talet og langt fram mot 1970-talet var dei frivillige organisasjonane den einaste politiske arenaen for kvinner flest. Det var menn som dominerte der offentlege avgjerder vart tekne, men gjennom dei humanitære, sosiale og religiøse organisasjonane fekk kvinnene innpass og dermed politisk påverknad på ei rekkje samfunnsområde. Desse organisasjonane vart såleis ei drivkraft i arbeidet med å gjere velferd til eit offentleg ansvar.

Kampen mot tuberkulosen motiverte og mobiliserte

reklameplakat for maiblomstenLeikanger helselag, 1925-2003, var ein av dei mange frivillige humanitære organisasjonane som har hatt ein viktig plass i bygginga av den moderne velferdsstaten. Laget var eit lokallag av Nasjonalforeningen mot tuberkulose, seinare  Nasjonalforeningen for folkehelsen, som hadde som mål å bli kvitt denne frykta sjukdommen som herja landet frå tidleg på 1900-talet.  

Sjølv om det var få som hadde fått denne sjukdommen i Leikanger, var ein aldri trygg på når han ville slå til og dette var motivasjon god nok til å skipe eit tuberkuloselag.

Systrondskvinnene Henriette Heiberg, Ingeleiv Husabø, Helga Haugen, Kristense Kyte, Ragna Tveit, Lina Husabø og Kristina Husabø såg det umåteleg viktig å delta i kampen  mot tuberkulosen. I løpet av kort tid var Leikanger tuberkuloseforening, som laget heitte fram til 1941, det største laget i bygda.

Fyrst kom dei frivillige, så kom det offentlege

Med glød, engasjement og praktisk arbeid var kvinnene i laget med å setje fokus på viktige helse- og velferdsoppgåver, i tillegg til det viktige tuberkulosearbeidet. Dei stod for mjølkeutdeling til dei som var ramma av tuberkulose, og dei som var ramma av underernæring. Dei tuberkuløse fekk m.a. midlar til undersøkingar, opphald på sanatorium og dekking av reiseutgifter.

På slutten av 1930-talet satsa helselaget, som eitt av fire lag i fylket, sterkt på tannhelsearbeid for born. Ein gong i månaden var det tannrøkt for skuleborn. Dei foreldra som ikkje kunne betale sin fjerdedel av kostnadane, fekk undersøkinga gratis ved at helselaget tok kostnadane. I tillegg betalte helselaget både løna til tannlegane og materialet dei nytta. Fyrst i 1949 det innført offentleg tannrøkt med fri tannbehandling for barn.

NFF logoLeikanger helselag følgde i store trekk programmet som moderorganisasjonen la opp til. Det betydde mellom anna bygging av folkebad, og som fyrste lag i fylket starta dei opp med helsestasjon for små barn i 1937.

I tida etter krigen fortsette laget med dei tradisjonelle oppgåvene, men også nye kom til. I tråd med at det offentlege i større og større grad hadde teke over mange av dei oppgåvene helselaga tradisjonelt hadde jobba med, vart eldreomsorga eit viktig nasjonalt og lokalt satsingsområde. For Leikanger helselag handla det fyrst om å få bygt ein aldersheim.

Helselaget la ned ein formidabel innsats for gamleheimssaka. Dei stod som byggherre og tok i fleire år den økonomiske risikoen med underskot, medan kommunen betalte renter og avdrag. I 1964 vart heimen endeleg opna. På 1980-talet var neste store prosjekt å byggje eldrebustader. Igjen vart det eit spleiselag, denne gongen saman med kommunen og Lions. Og igjen garanterte helselaget for underskotet, denne gongen for fem år.

År etter år arbeidde helselaget med ulike folkehelsetiltak som heile tida spegla samtida. Det kunne vere kosthald og livstilsjukdommar, røyking og alkohol og liknande. Det var ikkje mangel på oppgåver. Problemet vart rekruttering av nye medlemmer som kunne vidareføre arbeidet. Frå midten av 1980-talet gjekk medlemstalet ned og i 2003 vart laget lagt ned.

Dugnad som økonomisk grunnlag

Basarar, utloddingar, kakelotteri, haust- og julefestar, sal av Maiblomen og innsamlingar danna det økonomiske grunnlaget for drifta av dei mange av dei lokale velferdstilboda som helselaget sette i verk. Laget hadde stor legitimitet i bygda, og pengane sat laust når helselaget hadde basarar og innsamlingar. Tallause timar vart brukt til praktisk dugnadsarbeid som igjen gav klingande mynt i kassen til det beste for fellesskapen og lokalsamfunnet.

 

Stoffet til denne vesle artikkelen er henta frå masteroppgåva i historie «Frivillig foreiningsarbeid i eit lokalsamfunn – Leikanger Helselag 1925-2003» som Carina Frisk leverte hausten 2016 ved UIB.  

Vil du lære meir om Leikanger Helselag, lese om alle dei viktige tiltaka dei sette i verk, finne  kven mange av dei engasjerte kvinnene var og finne ut kva som motiverte dei  til dette store arbeidet ? Då kan du lese oppgåva til Carina Frisk her.