Alle kommunane i tidl. Sogn og Fjordane er dekka, men i ulik grad. Sjølv om fylkesarkivet er den største institusjonen som tek vare på privatarkiv i Vestland, er det òg ein heil del arkiv som vert oppbevarte lokalt. Det gjeld til dømes for Sogndal og Vik, som har eigne lokalhistoriske arkiv. Dessutan oppbevarer Kystmuseet i Sogn og Fjordane og Nordfjord Folkemuseum ein del privatarkiv.

Dei fleste privatarkiva er ordna og katalogiserte, og såleis tilgjengelege for publikum på fylkesarkivet sin lesesal. Eit oversyn over registrerte arkiv finn du i Arkivportalen.

Hovudtyngda av arkiv er frå organisasjonar og lagsaktivitet. I denne kategorien er det registrert over 1 000 privatarkiv i katalogen vår. I tal har det blitt teke vare på langt færre arkiv frå bedrifter, litt over 300. Men desse arkiva er ofte store i omfang. Innan kategorien personarkiv, dvs. dokument frå einskildpersonar, har det blitt samla inn over 360. I samlingane våre finst det i tillegg ein del arkiv frå institusjonar, legat og utval.

Arbeidet med privatarkiv har blitt drive som ein kombinasjon av tilfeldige mottak av materiale til meir systematiske verneprosjekt. Det siste har resultert i etter måten store samlingar av arkiv frå bankar og branntrygdelag. Eit anna målretta arbeid er vern av arkiv frå arbeidarrørsla.