Her kan du navigere rundt og sjå stadnamna i kart. For å kunne klikke på og få meir informasjon om kvart stadnamn må du opne fullversjonen i Fylkesatlas

Kva har vi?

Fylkesarkivet har ei samling med stadnamn på meir enn 257 000 namn. I 2021 er 228 480 stadnamn publisert på nettsida og dei fleste var kartfesta. Namna kjem frå alle kommunane i Sogn og Fjordane og er eit resultat av ei stor innsamling i 1985/86. Fleire kommunar har også seinare arbeidd med å supplere innsamlinga si og slik samla inn fleire namn i nyare tid. Innsamlinga blir arkivert i magasina her på fylkesarkivet. 

I tillegg til stadnamna frå 1980-talet og seinare, har fylkesarkivet papirkopiar av «Skulebarninnsamlinga» som Gustav Indrebø arrangerte på 1930-talet. Kopiane inneheld det som blei innlevert frå barneskular i Sogn og Fjordane. Her finn du berre namnelister, ikkje kartfesting.

Det er mogleg å bestille kopi av lister for eit avgrensa område og få desse tilsendt. 

Formidling av stadnamn

For å halde stadnamna i levande bruk er formidling viktig. Flest mogeleg må få tilgang til dei innsamla stadnamna. 

Stadnamn som er merka med "raude prikkar" er stadnamn som ikkje er handsama av filolog.

For tidlegare Hordaland er det Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen som har ansvar for stadnamnarbeidet. I karttenesta Hordanamn kan ein søke i denne stadnamnsamlinga på nett: hordanamn.uib.no

Les meir: