Andreas Hans Lindelie

Andreas vart fødd i 1866 på garden Lindelid i Guddal sokn. 22 år gammal emigrerte han til USA. Andreas slo seg først ned i Nord-Dakota, før han i 1901 flytte vidare til Florida. Halvtanna år seinare tok han sjansen på å etablere seg på Cuba.

Tre månader etter at han flytte til Cuba skreiv han brev til Kristen Skåsheim i Balestrand. I brevet gjorde han utførleg greie for kvifor han valde å flytte til øystaten i Karibia:

Hvordan kunde Du da finde paa at reise til Cuba? Dette er et spørgsmaal, Du naturligen vil gjøre, og jeg skal besvare det. Da alle mine Planer om at fortsætte Studierne i Norge af forskjellige Grunde var tilintetgjorde, gjorde jeg det mit Maal at skabe mig et Navn i Journalistiken. Jeg drev det til at blive kjendt blandt Landsmænd omtrent over hele Amerika. Men min Ærgjerrighed var ikke tilfredstillet; thi jeg naaede kun lidt over Middelmaadigheden, og at leve og dø uden et mærke vilde jeg ikke, uagtet jeg elsker avisarbeidet. Saa slog jeg ind paa Politiken og opnaaede en vellønnet Stilling. Men jeg vandt min Stilling i Kamp mod det organiserede Rum-Element i amerikansk Politik, hvorfor min Stilling blev et Liv i uafbrudt Kamp - endog med fare for Livet. Jeg elsker Sagen, og det bevægede Kampliv blev mig kjært. Mine Fiender sammensvor sig for at ruinere mig med falske Beskyldninger. Jeg vant i Retten, men de opnaaede et: De fik skabt en smule Mistillid mod mig blandt mine egne Venner. Harm over denne Utaknemmelighed resignerede jeg min Stilling, og jeg har allerede opnaaet den Tilfredstillelse, at jeg er savnet; thi ingen fandtes til at fylde min Plads, og Lovløsheden florerer nu, saa det er rent en Skam.

Jeg var nu betydelig over 30 Aar med Familie. At fortsætte mit Kampliv, eller rettere, at fortsætte dette Schakspil Liv som kaldes Politiken, syntes mig vovsomt for Familiens Skyld; jeg fandt, at det var paatide, at jeg skabte mig en Formue, der vilde sikre min egen og Familiens Fremtid. Efter moden Overveielse forandrede jeg igjen Livsplan, og søgte Syden som Virkefeldt. I Florida fandt jeg efter 1 1/2 Aars Ophold ikke, hvad jeg søgte. Det frugtbare Cuba laa nær ved. Didhen foretog jeg to Reise, og efter moden Overveielse valgte jeg Cuba som mit Virkefelt.

«Saken» han nemner i brevet galdt kampen mot alkohol. Nord-Dakota vedtok i 1889 forbod mot alle alkoholhaldige drikkevarer. Andreas var ein ihuga fråhaldsmannen, og fekk sekretærjobb i «State Enforcement League», ein organisasjon som skulle sjå til at alkohollovgjevinga vart overhalden.

I 1900 hamna Andreas i ei rettssak. Skuldingane mot han galdt fleire tilhøve, mellom anna mottak av muter frå «blind piggers», skjenkestover som selde ulovlege drikkevarer. Andreas hevda det heile var ei samansverjing frå speakeasy-eigarar og andre krefter som ønskte å rydde av vegen ein brysam snushane. Det kan godt ha vore sant, for han fekk aldri nokon fellande dom. Andreas kjende seg likevel så brennmerkt at han valde å busetje seg ein annan stad.

Valet av Cuba som destinasjon var ikkje bygd på ein slump, og Andreas hadde gjennomtenkte planar for framtida i det nye heimlandet sitt:

Planen er først at anskaffe fra 50 til 100 Melkekjør; de vil have Overflod at spise Aaret rundt ude i Havnegangen. Jeg vil da avle Smør og Ost, der er i høi Pris her. Smør betales her med nær 4 Kr. pr. Kilo. Kjærnemælk og Separatormelk vil jeg avle Grise med i Hobetal. Prisen paa Flesk og Smult er ogsaa høi. Ligesaa Kjød. En god Ko er her værd fra 200 til 400 Kr. Ved siden af dette vil jeg saa pusle med en Appelsinhave og en Vingaard. Saalangt er mine planer lagte. Men jeg har en anden Plan igjære, der slet ikke vil forstyrre de andre. Jeg har nemlig erfaret, at min gamle Ven Gjeden trives fortrinligt i Cuba. Her er ikke mangen Gjeder, og Racen er ikke synderlig rar heller. Dog forlanges fra 10 til 16 Kr. per Gjed.

Andreas slo seg ned på den austre delen av øya. Han sysla med tankar om å stable på beina ein norsk koloni i området, men det var ein polarhelt som for alvor gjorde freistnad på å etablere Cuba som eit nytt emigrasjonsmål for nordmenn.

Otto Sverdrup og den norske kolonien i Baracoa

At ishavsfararen Otto Sverdrup, ein av dei tre store i norsk polarhistorie, skulle dra i gang norsk utvandring til ei tropisk øy høyrest usannsynleg ut – og burde nok ha vore det. Emigrasjonsprosjektet enda i ein stor fiasko.

I 1905 besøkte Sverdrup Cuba for å undersøke tilhøva. Baracoa aust på øya utmerka seg for plantasjedrift. Området hadde ein etter måten låg busetnad, og dessutan var klimaet bra. Tilbake att i Noreg agiterte Sverdrup iherdig for Cuba som utvandringsdestinasjon. Han fekk i 1906 med seg ein fortropp på 11 landsmenn til eit nytt i liv i Karibia.

Til saman skal omlag 90 nordmenn ha busett seg på Cuba, med von om å slå seg opp på jordbruk og skogsdrift. Det var mange årsaker til at emigrant-eventyret slo feil. Dårlege kommunikasjonar og uvèr som øydela avlingar gjorde livet vanskeleg for dei norske settlarane. Andreas Lindelie kom i eit lesarbrev i ei amerikansk avis inn på eit anna lyte ved Baracoa-området:

Sverdrups koloni er langt øst herfra. Jeg saa det land for fem Aar siden - før jeg bosatte mig. Men det er for bakket! Godt land, men man maa farme i en Stige. Jeg tror neppe, at hans Koloni vil blive til noget.

Andreas skulle vise seg å bli sannspådd. I 1910 forlet Sverdrup Cuba. Mange andre gav også opp, og emigrerte vidare til USA eller flytte heim att til Noreg. Eit par familiar lukkast rett nok relativt bra med plantasjane sine på øya, men i 1920 var koloniseringsstrevet på Cuba jamt over slutt.

Utvandring frå Sunnfjord

Andreas Hans Lindelie var ikkje ein del av Sverdrup sitt prosjekt, sjølv om han budde på Cuba samstundes med dei andre norske kolonistane. Helge Stenersen, som har skrive bok om utvandringa til øystaten, listar opp fleire andre frå Fjaler som også søkte lukka i Karibia uavhengig av initiativet til Sverdrup. Ole Barthold Mathiassen Engen frå Myklebust drog over til Cuba i 1904, og arbeidde truleg på garden til Lindelie. To år etter fekk han følgje av kona. Dessutan slo broren Olaf seg ned på øya. Ole døydde etter kort tid, og kona valde då å flytte attende til Noreg.

Nokre år seinare kom også den fargesprakande Johan Jenssen til Cuba. Johan var opphavleg frå Bergen, men flytte i ung alder til garden Holmedal i Askvoll. Den framtøkne bergensaren vart ein av dei store industribyggjarane i Sunnfjord. Johan starta brusfabrikk, teglverk, kloggfabrikk og elektrisitetsverk. Hendene hans brann av verketrong, men ei familiekrise og økonomisk uføre sende han på leit etter ein ny start i livet. I 1912 kom han til Cuba, og fekk arbeid hjå Andreas. Johan døydde i Havanna i 1922 av ein nyresjukdom.

Av dei nordmennene som freista lukka på Cuba, var det nok Andreas som klarte seg best. Kring 1910 starta han med produksjon av sukker. Av ymse årsaker flytte familien attende til USA i 1913. Andreas beheldt plantasjen, og pendla til Cuba for å sjå til sukkerproduksjonen. Han valde likevel å avslutte engasjementet sitt på øya i 1920. Andreas døydde i St. Petersburg, Florida, 19. november 1943.

Eitt av dei få spora som er igjen av det norske koloniseringsforsøket på Cuba er i form av eit stadnamn. Omlag tre mil nordvest for byen Santiago de Cuba ligg den vesle plassen Lindelie – eit minne om ein tiltaksam sunnfjording som ikkje ville døy utan å leggje att eit merke etter seg.

Lindelie på Cuba.

Arkiv

Fylkesarkivet har fleire brev frå Andreas. Forutan det som er nemnt ovanfor, skreiv han i november 1905 eit nytt brev Kristen Skåsheim. Kristen var gardbrukar i Balestrand, og far til bankmannen og historikaren Anders Skåsheim, som også hadde korrespondanse med Andreas.

Brevmaterialet fortel om ein engasjert person med sterke meiningar. Mellom anna hadde Andreas ei overtydd republikansk innstilling, noko han ikkje la skjul på i breva til Kristen og Anders:

Jeg kan nok besøge Kongeriger; men jeg vil leve og dø kun i en Republik. Kongestel er Humbug, og jeg kan ikke fordrage det. Jeg kunde ikke leve i et Kongerige et Aar uden at komme i Omstændighed for Majestætsforbrydelse. Da er det bedre at leve og dø paa fremmed Jordbund.

Breva er del av arkivet frå Anders Skåsheim. Forutan spor etter norsk busetnad på Cuba, inneheld dette arkivet eit vell av interessant kjeldetilfang, det meste frå gamle Sogn og Fjordane fylke.

- Brev frå Andreas Hans Lindelie til Kristen Skåsheim 05.12.1902
- Brev frå Andreas Hans Lindelie til Kristen Skåsheim 26.11.1905
- Brev frå Andreas Hans Lindelie til Anders Skåsheim 01.01.1911
- Brev frå Andreas Hans Lindelie til Anders Skåsheim 22.05.1911

Kjelder og litteratur