Turismen i Sogn

Fascinasjonen for urørt og storslått natur trakk stadig fleire turistar til Noreg utover 1800‐talet. I Sogn vart Balestrand og fjordane rundt eitt av tyngdepunkta for oppdaginga av Noreg som reisemål. Fjærland er ei bygd med kort avstand mellom fjord og bre, og blei difor ein ynda destinasjon då den ville og urørde norske naturen lokka fleire og fleire turistar til landet.

Hotel Mundal

Hotel Mundal i Fjærland opna dørene for første gong 29. juni 1891. Det var ekteparet Brita og Olaus Dahle, saman med Brita sine brør Mikkel, Per og Johannes Mundal, som stod bak etableringa av hotellet. Før det hadde Brita og Mikkel drive ein liten gjestegard ved Mundal. Den gryande turismen i området skapte trong for både auka kapasitet og betre overnattingstilhøve for dei reisande.

I 1906 tok Olaus Dahle over som eineeigar av hotellet, og familien flytta permanent til Fjærland etter å ha sesongpendla frå Lærdal i ein del år. Hotellet var drive som ei familiebedrift fram til på tidleg 2000‐talet.

Arkivet

Arkivet er truleg unikt i norsk samanheng ved at det så breitt og samanhengande dokumenterer turismen i Noreg. Det gjeld særleg perioden frå slutten av 1800‐talet og fram mot den andre verdskrigen, då Noreg opplevde ein kraftig vekst innan reiselivet. Dragninga mot den spektakulære norske naturen førte folk frå heile verda til avsidesliggjande norske grender, noko som i sjeldsynt grad er dokumentert i arkivet frå Hotel Mundal.

Den store verdien til arkivet er det mangslungne biletet materialet gjev av turistnæringa i framveksten av reiselivet i Noreg. Arkivet treff tidsånda på ein overtydande måte. Bilete, menykort, turistbrosjyrar og anna tilfang gjev framifrå tidskolorittar av ei pionèrtid innan norsk reiseliv.

Serien med framandbøker har informasjon om hotellgjestene. Turistane møter vi òg i den store mengda med brevmateriale - som begeistra formidlarar av hotellbesøk og opplevingar av vestnorsk fjordlandskap, men òg som kresne gjestar.

Arkivet er omlag 18 hyllemeter i omfang. Ettersom Hotel Mundal vart drive som ei familieverksemd i godt over 100 år, inneheld det brev og anna tilfang som grensar opp mot meir privat karakter. I tillegg finst det dokumentasjon av freistnader på å reise inntektsgjevande aktivitet som attåtnæring til hotelldrifta. Særleg var Olaus Dahle ein sentral samfunnsutviklar i Fjærland, og stod i bresjen for å fremje kommunikasjonsforbetringar og næringsaktivitet.

Arkivlista er tilgjengeleg på Arkivportalen