Stadnamnsamlinga omfattar meir enn 250 000 stadnamn frå kommunane i fylket vårt. Arbeidet med å samle inn stadnamn starta i 1985, og vi arbeider kontinuerleg med å kartfeste registreringane i Fylkesatlas.

I kvar av dei 26 kommunane var det i si tid ein innsamlingsleiar som kontakta lokale informantar. Dei skreiv ned namn på lister, kartfesta dei og gjorde lydopptak av uttalen. Så sende dei materialet inn til ei prosjektleiing som godkjende materialet. Frå starten av var det fylkesarkivet, Statens kartverk og kommunane som samarbeidde.

I etterkant vart stadnamna vitskapleg handsama og lagt inn i ein database. Nokre kommunar arbeider vidare med samlinga si, og på fylkesarkivet arbeider vi mellom anna med karta. Dei fleste kommunane har no fått publisert stadnamna sine på fylkesatlas.no.'

Du kan lese meir om stadnamnprosjektet i Sogn og Fjordane i rapporten "Frå Gygrekjeft til Gygrarøvi. Ei nettreise i natur og kultur" (2008).