Vestland fylkeskommune tek vare på film- og lydopptak frå heile fylket. 27. oktober er ein merkedag for Karl Peder Mork og dei i seksjon arkiv, som jobbar med å ta vare på opptaka, som er ein sentral del av kulturarven vår. 

Det er verdsdagen for audiovisuell kulturarv, ein av merkedagane til UNESCO. Dagen har vore markert sidan 2005, og skal auke merksemda på varetakinga av ein heilt spesiell form for arkiv.  

Filmsamlingar frå industristadar 

Mykje av vestlandshistoria er fanga på film. Karl Peder Mork trekker fram filmsamlingar frå industristadene som Høyanger og Årdal i Sogn som døme på dette. Nettopp på desse stadane vart det gjort mykje filmopptak, både av industrien og i lokalsamfunnet. 

– Mange av lokalsamfunna i fylket i dag oppstod i takt med industriutbygginga. Industriverksemdene vart viktige arbeidsplassar, men ringverknadene av etableringane vart òg store for livet utanfor fabrikkane, fortel Mork.  

Historia til industriverksemdene, til dømes i Bremanger, Årdal eller Odda, er difor ein viktig del av historia til små og store vestlandssamfunn.  

– Nedlegging og omstillingsevne har mykje å seia for utviklinga av samfunnet. Difor er det viktig å ta vare på arkiv frå denne sektoren, held Mork fram og tek ein filmrull ut frå den eine hylla.  

Aluminium! 

Filmen heiter “Fremtiden velger aluminium” og er frå 1965. Det er ein reklamefilm for aluminiumsproduksjonen i Høyanger og Holmestrand. Filmen er laga av Naco, Norsk Aluminium Company, og skil seg veldig frå dagens typiske reklamefilmar. 

Filmen er på 28 minutt og tek føre seg både aluminium som material, historia til og dagleglivet i industristadane og ikkje minst sjølve aluminiumsproduksjonen. Hovudpersonen er ein ung Rolv Wesenlund, i rolla som ein journalist som skriv ei sak om norsk aluminiumsindustri.  

– Filmen er typisk for tida han er laga i. Han er ganske detaljert om dei industrielle prosessane, men den har samstundes god humor og sjarm. Filmen finst ikkje mange andre plassar, så eg er glad for at vi kan bevare eit eksemplar her, og at han er digitalisert. Det er ein fin del av den audiovisuelle kulturarven frå fylket vårt, seier Mork. 

SFFmm-00032.001.007 Fremtiden velger aluminium from Fylkesarkivet i Vestland on Vimeo.

Teknologien endrar seg raskt 

 Audiovisuelle arkiv er arkiv som inneheld lyd-, video- og filmobjekt. Det kan vere musikkassettar og VHS-ar frå private samlingar, eller filmrullar og lydband frå profesjonelle produksjonar. Felles er at dei krev spesielle lagringsforhold. I tillegg er mange av formata gamle og ute av produksjon. Enkelt forklart betyr det at innhaldet på filmrullar og videokassettar står i fare for å verte utilgjengelege dersom dei ikkje vert digitaliserte.  

– Måten vi ser film og lyttar til musikk har endra seg utruleg mykje dei siste tiåra. Særleg når det kjem til korleis vi ser på film, kan vi sjå korleis teknologien har endra seg. Då eg var barn hadde vi sjølvsagt VHS-spelar heime. I sommar hadde vi nokre praksisstudentar ved seksjonen. Dei visste kva VHS var, men hadde aldri brukt det. Når vi har besøk av ungdomsskuleelevar, snakkar dei berre om streaming. For dei er det uvant å sjå føre seg at film òg kan vere noko fysisk. Det viser kor fort vanene våre endrar seg, forklarer Mork. 

Teknologiendringar kan vere ei utfordring for arkivsektoren. Seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune jobbar mykje med nettopp dette og samarbeider med Nasjonalbiblioteket om digitalisering av film og video.