Lokalhistorisk arkiv i Tysnes
I Tysnes har dei teke vare på privatarkiv i over 30 år. Det har resultert i ei rik lokalhistorisk samling. Vi møtte bygdebokforfattar Ernst Berge Drange som har vore sentral i oppbygginga av samlinga.
Tysnes kommune er eit godt døme på eit målretta og godt arbeid på privatarkivområdet, og no ønskjer dei å finne gode løysingar for digitalisering og formidling av samlinga. Publisering på digitalarkivet.no vil vere aktuelt.
Bladet Tysnes publiserte ein artikkel om saka (for abonnentar), og skriv mellom anna:
"Etter etableringa i 1991 er det kome inn litt tilfeldig materiale som er blitt pakka inn og registrert. Dette skal no pakkast ut og leggast i arkivboksar. – No skal me få ei oversikt over kva som finst i lokalhistorisk arkiv, også med tanke på å få digitalisert materialet, fortel den som for 30 år sidan la grunnlaget for Lokalhistorisk arkiv i samband med ferdigstilling av bygdebokarbeidet, bygdebokskrivaren Ernst Berge Drange. [...]
– Desse privatarkiva dokumenterer lokalsamfunnet vårt, det er vår eiga, nære historie det er snakk om."
Vi gler oss til vidare samarbeid og til å sjå resultatet av innsatsen for privatarkiv i Tysnes.
Bevaringsplan for privatarkiv i Vestland
Vestland fylkeskommune er koordinerande ledd for privatarkivarbeidet i regionen, og skal mellom anna arbeide for at dei einskilde aktørane på privatarkivområdet samordnar si verksemd når det gjeld innsamling av privatarkiv. Fylkesarkivet skal samtidig vere ein oppbevaringsinstitusjon for privatarkiv i Vestland fylke.
Fylkesarkivet jobbar for tida med å utarbeide ein plan for bevaring og innsamling av privatarkiv i Vestland fylke. Vi jobbar for tida med å kartlegge privatarkiv som er bevart rundt om i Vestland. Hovudføremålet med planen er å sikre ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon.