Vi lyser ut to faste stillingar med søknadsfrist 9. januar. Arbeidsstad er Leikanger i Sogn.

Rådgjevar – digital kulturformidling

Som rådgjevar med ansvar for digital kulturformidling, vil du ha varierte og ansvarsfulle oppgåver, og jobbe med så vel konkrete formidlingsoppgåver, som prosjektutvikling/-leiing og strategisk arbeid innafor fagfeltet digital kultur. Innafor fagområdet digital kultur vil du samarbeide med vår rådgjevar for digital infrastruktur, og elles vere del av eit større fagmiljø på seksjon arkiv, som jobbar med bevaring og formidling av den immaterielle kulturarven i Vestland. Les meir om kvalifikasjonskrav og om kva vi ser etter hjå deg som søker, og send oss ein søknad om dette kan vere jobben for deg.

Rådgjevar – tradisjonsmusikk og stadnamn

Som rådgjevar med ansvar for tradisjonsmusikk og stadnamn, vil du ha det daglege ansvaret for bevaring og formidling av fylket sine samlingar med dokumentasjon av tradisjonsmusikk/-dans og lokale stadnamn. Oppgåver knytt til utvikling og samordning av dei to fagfelta i nye Vestland fylke vil også vere ein viktig del av arbeidet ditt. Stillinga er del av eit større fagmiljø som jobbar med bevaring av den immaterielle kulturarven i Vestland.  Les meir om kvalifikasjonskrav og om kva vi vektlegg i utlysinga, og send oss ein søknad.

Arbeidsstad Sogn

Arbeidsstad er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.

Fylkeshuset-Leikanger-SSF-05284- Foto_Morten__Wanvik.JPG

Meir informasjon

Dei to stillingane er ein del av fageininga ikkje-offentlege arkiv ved seksjon arkiv i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Seksjon arkiv er også kjend under namnet Fylkesarkivet, og vi bevarer og formidlar ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Arbeidet vårt er delt inn i fagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk, stadnamn, digital kultur og kommunale arkiv. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode tenester til brukarane våre. Digital formidling av kjeldematerialet vi forvaltar står sentralt.

Les meir og søk på ei av eller begge stillingane: 

For meir informasjon, ta kontakt med fagleiar Elin Storøstevik eller seksjonssjef Arnt Ola Fidjestøl:

Elin.png.jpg

Elin Storøstevik
Fagleiar, ikkje-offentlege arkiv
e-post: elin.storostevik@vlfk.no
telefon: 57 63 80 53

Arnt Ola Fidjestøl.png

Arnt Ola Fidjestøl
Seksjonssjef arkiv
e-post: arnt.ola.fidjestol@vlfk.no
telefon:  971 88 903