Vederlagsfri bruk av arkivfoto

På arkivet si Flickr-side (https://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv/) finn du smakebitar frå fotoarkivet publisert i høg oppløysing. Fotomaterialet vi publiserer på Flickr er opphavsrettsleg i det fri og kan nyttast vederlagsfritt til dei føremål du ønskjer. Det einaste vi ber om er at du ved offentleg bruk av desse bileta krediterer fotografen og arkivet. Ønskjer du kopiar i anna format eller redigert form (til dømes retusjering) gjeld våre ordinære vilkår og prisar for bruk av foto.

Bilete frå webarkivet for foto (https://foto.fylkesarkivet.no) kan du laste ned og nyttevederlagsfritt til privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering) i den kvaliteten og storleik som dei er publisert i på nett (visningsformat). Ønskjer du filer i andre format eller til offentleg bruk gjeld prislista under.

 

Vilkår ved bestilling av biletkopiar

Leveringtid ved bestilling av biletkopiar frå arkivet er inntil 3 veker. Hastelevering (2 verkedagar) kan utførast etter særskilt avtale og med eit tillegg i pris på kr. 200,- per bilete. Det tilkommer eit ekspedisjonsgebyr på kr. 50,-  per ordre.

Ved offentleg bruk av bileta vil det bli inngått kontrakt som regulerer bruken av bileta.

På generell basis gjeld følgjande vilkår:

  • Fotografia kan berre nyttast til det avtala føremålet
  • Filer til offentleg bruk vert levert til ein gongs bruk for eitt opplag
  • Filer skal slettast etter avtalt bruk
  • Fotografen og arkivet skal krediterast ved offentleg bruk av bileta. Ved ukjend fotograf, oppgir ein «ukjend» og arkivet sitt namn.
  • Filer til privat bruk kan ikkje offentleggjerast

 

Prisar for biletkopiar

Digitale filer

  • Til redaksjonell bruk i utstilling, TV, film, bøker, tidsskrift, aviser, internett kr. 600,-
    • redaksjonell bruk; vitskaplege publikasjoner og frivillige organisasjonar  kr. 100,-
  • Til profileringsmateriale, skilting, offentleg utsmykking kr. 1000,-
  • Til privat bruk kr. 100,-

 

Bilete levert på fotopapir

  • Opptil 20 x 25 cm kr. 180,-
  • 24 x 30 cm kr. 250,-
  • 30 x 40 cm kr. 300,-
  • 40 x 50 cm kr. 500,-

Forholdet mellom høgde og breidde varierer på dei ulike originalane, og biletstorleiken vil difor kunne avvike frå standardstorleikane.

 

Bestilling av foto

Gjer vel å opplys om følgjande når du tingar biletkopiar:

  • Namn på tingar
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Organisasjonsnummer (gjeld ikkje privatpersonar)
  • Fakturaadresse (dersom faktura skal til ein annan enn tingar)
  • Informasjon om bruksføremål; Tittel/arbeidstittel på trykksak eller produkt, eller informasjon om at det er privat bruk