Allereie er eit nytt fotosamarbeid på gong med Bømlo kommune, då deira store fotosamling på denne turen vart pakka om og frakta til fotomagasin på Leikanger. Samlinga består av alt frå eldre foto som har vorte givne til kommunen av privatpersonar, til dokumentasjon av aktivitet og hendingar i kommunen.

Sentralt er to kulturhistoriske fotografarkiv; eit mindre etter fotograf Johan Ørevik, og eit større etter fotograf Sam Olsen. Arkivet etter Olsen er på fleire tusen glasnegativ og utgjer storparten av Bømlo kommune si samling.

Sam Olsen (1893-1955) vart fødd i Salangen i Troms, men etablerte seg på Bømlo i 1919 og hadde virket sitt her. Arkivet etter han har vorte godt handsama av Bømlo kommune, og er mykje brukt lokalt. Det vert no flytta til Leikanger for å verte oppbevart på kjølemagasin for foto, saman med resten av kommunen si samling. Dette vil gi den beste langtidsbevaringa av materialet. Arkivleiar Jenny Anderaa deltok i det store flyttearbeidet, og ordførar på Bømlo Sammy Olsen tok også ein tur innom arkivet for å inspisere flyttinga. Han er barnebarn av fotografen, som ein fort kan gjette av namnet, og gledde seg over at arkivet etter bestefaren no vert oppbevart i spesialtilpassa lokale. 

Sjølv om fotosamlinga har fått ny adresse, vert ho like tilgjengeleg for publikum no som då ho vart oppbevart på Bømlo rådhus. Det er ei viktig oppgåve for fylkeskommunen å syte for at bileta har god tilknyting til sin heimkommune, og arkivet ser fram til å hjelpe alle som tek kontakt til å finne interessante bilete frå Sam Olsen, og resten av Bømlo si fotosamling. 

Les også saka som Bømlo-nytt skreiv om dette samarbeidet