Den veglause garden Tenningåsen ligg høgt og fritt på om lag 325 meter, rett ved innlaupet til Fjærlandsfjorden. Borna på denne høgdegarden hadde lenge omgangsskule, men frå slutten av 1800-talet måtte dei ta beina fatt og gå til skulehuset, som låg på Vestrheim i Eitorngrenda.

Borna gjekk nok ikkje til skulen kvar dag. Vekedagane var dei innlosjerte i Eitorn. Likevel er det tale om ein etter måten lang og strabasiøs skuleveg. Særleg vintersdagen må det ha vore slitsamt å bakse seg fram i snøen. Skuleprotokollane stadfestar òg at borna på Tenningåsen kunne ha stort forfall grunna snø og uvèr.

Frå Tenningåsen gjekk borna opp til Tenningastølen, som ligg på litt over 500 meter. Derifrå heldt dei om lag same høgd bort til Uragjelhaugen. Så bar det ned mot garden Rud, og vidare til skulestova på Vestrheim.

Heile skulevegen, eller snarare skulestien, er bortimot 3,5 kilometer i lengd. Raske barneføter kan ha teke seg fram på halvannan time. Stien er i våre dagar mykje attgrodd, og ikkje heilt enkelt å finne. Men fylkesarkivet var så heldig å bli guida av Richard Tallaksen. Han er ei av eldsjelene i Eitorn, som ryddar stiar og held dei gamle ferdslevegane i hevd. Han har dessutan teke fleire flotte videoar med drone frå området:

- Heimastølen Skare i Eitorn (537 m.o.h)
- Tenningastølen i Eitorn (528 m.o.h.)

Meir om skulevegen Tenningåsen-Eitorn kjem i neste nummer av Kjelda.