Sidan 2010 har den tredje laurdagen i april vorte markert som den internasjonale sirkusdagen. World Circus Federation sitt ønske er å feire sirkuset sitt bidrag til kulturarven, og at fleire vert interesserte i sirkus.

Desse "sirkusglade" breva dukka opp under skanning av byggesaksarkivet til gamle Eid kommune. Cirkus Arnardo røper lokalkunnskap då dei spesifikt ber om "Eksersisplassen", medan Berny og Merano ber om å få leige ein høveleg plass. Sirkusdirektør Liv Berny vil jamvel gje ordføraren bruk av kongelosjen om det vert eit godt samarbeid!

Akrobater fra Sirkus Løve.jpgAkrobatar frå Cirkus Løve. Foto: Fotograf Malvin N. Horne/Fylkesarkivet i Vestland

 

Les meir om den internasjonale sirkusdagen: World Circus Day