1. juli var Fylkesarkivet i Vestland på opninga av utstillinga En stilling som fotograf - Samlinga etter sunnfjordfotografen Olai Fauske. Fauske (1887-1944) frå Ervik i Naustdal er ein av dei viktigaste historiske fotografane frå tidlegare Sogn og Fjordane, og etter sin død i 1944 etterlet han seg eit stort og variert materiale som Sunnfjord Museum syner fram i denne utstillinga, både i form av foto og gjenstandar.

Fauske sine fotografi gjev oss eit glimt av fortida og livet rundt om på sunnfjordbygdene i dei første tiåra på byrjinga av 1900-talet. Samtidig syner bileta den store endringa i samfunnet i denne tida. Utstillinga på Sunnfjord Museum viser, i tillegg til Fauske sine bilete, også ein del gjenstandar som til dømes fotoutstyr, og fortel historia om utviklinga av fotografiet og fotograf-yrket. 

Utstillinga ser du på Sunnfjord museum i perioden 1. juli fram til oktober 2021. Deretter tar utstillinga ein liten pause, og kan sjåast igjen våren 2022.

IMG_8316-1.JPG

Modernisten Fauske

Asbjørn Tyssen, tidlegare konservator ved museet, heldt eit innlegg i samband med utstillingsopninga. Med dette fekk vi eit innblikk både i dei store linjene i samfunnet på den tida, og i detaljar frå Fauske sitt liv. 

Tyssen trekk mellom anna fram at Fauske var ein modernist, både i kraft av yrkesval og gjennom motivvala i bileta sine. Han dokumenterte moderniseringa av Sunnfjord i første halvdel av 1900-talet, som til dømes det første steget vekk frå rein handemakt i landbruket - den såkalla hestemekaniseringa. Dei første slåmaskinene var ynda motiv, og sjølv om det var ei kostbar investering spreidde dei seg fort utover bygdene i dei første tiåra på 1900-talet. 

Mann med barn på fanget, sit på jordbruksmaskin drege av hest.

På dette biletet meiner Tyssen å sjå ein veldig sterk symbolbruk.

Det er barnedåp, kanskje første guten i familien som er kledd i dåpskjole. Faren tek han med ut på den nye slåmaskina der biletet vert tatt. Betre kan ikkje framtidsoptimismen skildrast.

Portrettfotografen Fauske

Ein stor del av biletsamlinga etter Fauske er portrettfoto. Han hadde fotobakgrunn som gir bileta eit profesjonelt preg, men ofte kan ein sjå gras eller jord på bakken. Mange av bileta vart mest sannsynleg tekne utandørs for å utnytte det naturlege dagslyset. 

Hedvig Ølmheim, fotoarkivar ved Fylkesarkivet, stoppar ofte opp ved dette portrettbildet. 

Kanskje det er det direkte blikket til denne for oss heilt ukjende kvinna, eller kanskje det er fordi frisyren hennar ikkje er så stram og gamaldags. Uansett er det lett å førestille seg at ho kunne levd i dag: det er lett å tenkje seg henne som ein politikar, hotellresepsjonist eller student.

  portrettfoto ung kvinne

Vi får kanskje aldri vite kven denne kvinna er, som er tilfellet med så mange av portretta etter Fauske, men ho viser oss evna fotografi har til å hoppe bukk over titals og hundretals år, slik at fortida ser deg rett i auga. 

Post-mortem

Som fotograf brukar ein mykje av tida på å dokumentere store hendingar i folk sine liv. Det kan til dømes vere bryllaup, barnedåp, jubileum eller andre merkedagar. På den tida Fauske jobba som fotograf var også døden ein merkedag som skulle dokumenterast. Gradvis endra døden seg frå noko som høyrde til i offentlege og sosiale rom, til å vere noko som skulle vere privat og i familien. Etter midten av 1900-talet finn ein ikkje lenger slike bilete av dei døde. 

Eirik Yung, også fotoarkivar ved Fylkesarkivet, meiner at vi i dag i større grad tek bilete for andre enn oss sjølve. Der folk tidlegare tok, eller fekk teke bilete av store hendingar for å minnast desse, er me no i større grad opptekne av å dokumentera eige liv for å vise det fram til andre. 

Dette synes eg er eit fint bilete om livet, som opnar for ettertanke om eit levd liv og mange av livets fasetter. 

Olai Fauske_post-mortem.jpg

Samarbeid om digitalisering

Sunnfjord Museum og fylkesarkivet har samarbeida om å få digitalisert dei vel 9000 negativa etter Fauske. I løpet av to intensive arbeidsdagar i mars 2016 vart dei 1000 første glasplatenegativa reinsa og digitalisert av fotoarkivarane Ragnar Albertsen og Elin Østevik. Prosjektet har motteke støtte frå Norsk Kulturråd og Førde kommune.

I tillegg til å laste opp bileta i fylkesarkivet sitt webarkiv for foto, har vi også delt ein del av bileta på tensta Flickr. For å nå ut til eit breitt publikum og skape engasjement kring historiske fotografi har vi valt å publisere utvalde foto frå denne og andre samlingar på Flickr. Her når vi ei litt anna og meir internasjonal publikumsgruppe enn dei som nyttar webarkiva våre.

I mai 2017 hadde Fauske-samlinga på Flickr fått mykje merksemd grunna eit innlegg frå medieaktøren Mashable. Lenke til Flickr: Olai Fauske (1887-1944): Small town life in Sunnfjord.