Satsing på ordning- og digitalisering

Kommunearkivordninga har starta arbeidet med å byggje opp ei ny ordnings- og digitaliseringsteneste, og det var heile 67 søkjarar til stillingane som vart lyst ut. Denne månaden starta to nye medarbeidarar opp i engasjement knytt til utvikling av denne tenesta.

Hege Mari Kolseth frå Nordfjordeid har master i litteraturvitskap frå UiB. I masteroppgåva si skreiv ho om Harry Potter, medan ho på fylkesarkivet no arbeider med å skanne kommunale byggesaksarkiv.

- Det er eit stort sprang! Men etter mange år med studiar er det tilfredsstillande å gjere noko handfast og konkret. Eg likar å ha orden i sakene. Rydde og få ting på stell.

Tidlegare har Kolseth arbeidd innan fleire bransjar, mellom anna på bakeri, som selgar, og på vidaregåande skule.

- Eg har trivst godt i jobbane eg har hatt før, men her på fylkesarkivet har eg nok hatt dei beste første fjorten dagane på ny jobb nokon sinne. Arbeidsmiljøet er godt, eg har fått god opplæring, og kollegaene er kjekke!

Dorthea Rennestraum Alisøy frå Fjaler kom til fylkesarkivet alt i juni, og hadde då sommarjobb som medarbeidar i prosjektet «Skulen min». Arbeidet var knytt til å registrere skuleprotokollar, synfaring av skulehus, og formidling på nett.

- Sommarjobben gav meirsmak! Arkiv er spennande, og kombinasjonen formidling og lokalhistorie gjer dette til ein ideell arbeidsplass for meg. Det er veldig kjekt å stadig få ny kunnskap.

Alisøy har studert nordisk språk og litteratur, og nyleg levert masteroppgåve i historie der ho skriv om nomader i Midt-Austen i antikken. Tidlegare har ho hatt sommarjobb ved Fjaler folkebibliotek og som arkivar i Jakob Sande-selskapet. I den nye stillinga her på fylkesarkivet arbeider ho med å ordne og registrere kommunale arkiv.

Vikar ved fotoarkivet

Fylkesarkivet forvaltar store kulturhistoriske fotosamlingar frå fylket, og publikumstenestene våre på fotoområdet er svært mykje nytta. Javad Montazeri har sidan august fungert i eit vikariat på fotoarkivet vårt. Han har meir enn 20 års erfaring som fotograf, og som fotoredaktør i Iran og hjå store internasjonale nyhendebyrå som Reuters og World Picture News.
 
Javad Montazeri.jpg- Å arbeide med fotoarkiv er heilt nytt for meg som fotograf, men eg elskar utfordringa! Eg veit det er mange nye ting som ventar på meg, og eg gler meg til å lære meir. Eg er dessutan svært nøgd med å kunne bu og arbeide omkransa av så vakker natur, frisk luft, gode folk og vennlege kollegaer.
 
Montazeri kom til Noreg i 2009 etter at iranske myndigheiter sette pressefridomen under høgt press. Han har sidan etablert seg som frilansfotograf med ei rekkje eigne prosjekt og oppdrag for mellom anna Bergens Tidende, Morgenbladet og Adresseavisen. Seinare har han også arbeidd som fotograf for NRK Trøndelag.

 

Vi er svært glade for at desse tre dyktige medarbeidarane har starta hos oss!