Marta Ottomine Tynæs, født Steen, var litt av ei dame. Ho tok seg fram i ei mannsdominert politisk verd på slutten av 1800-talet, ei kvinne med meiningar, meiningars mot og eit brennande engasjement. Tynæs vert rekna som ei av pionerkvinnene innan den tidlege arbeidarrørsla i Noreg. I følgje ettermælet hennar var ho ein god agitator og talar, handlekraftig og uredd, ei kvinne som sette spor etter seg både i Det Norske Arbeiderpartiet og kvinnerørsla deira.

Martha Tynes arbeidde både politisk og organisatorisk, lokalt og nasjonalt. Ho var partipolitikar og kvinneaktivist og vert sett på som den sentrale organisatoren av kvinnerørsla i Arbeiderpartiet. Dei mange arkiva etter arbeidarkvinnelaga i magasina til Fylkesarkivet er eit resultat av hennar mangeårige kamp for arbeidarkvinnerørsla. Lat oss bli litt betre kjend med denne dama frå Florø.

Oppvekst og bakgrunn

Ofte vil bakgrunnen og oppvekstforholda til ein person gje ein peikepinn eller forklare eit engasjement eller livsval. Når det gjeld Martha Tynæs er kjeldene våre om barndomen, oppveksten og ungdomstida hennar heller sparsame. Ho var fødd i ladestaden Florø i 1870, som nummer tre av ni sysken. I folketeljinga av 1865 står far Ole Olsen Steen oppført som ølbryggjar, og som seglmakar i folketeljinga av 1885. Foreldra var mellom dei fyrste innflyttarane til Florø, faren var frå Etne i Hordaland og mora, Karen Martine Olsdatter, frå Årstad i Bergen. 

Det er mykje truleg at det var det eventyrlege sildefisket utanfor Kinn og oppløysinga av handelsprivilegia til Bergen som fekk foreldra til Martha til å etablere seg i den vesle nye byen. Tusenvis av fiskarar kom på vårsildfiske til byen og nærområdet for å tene seg sildekroner. Framtida kunne difor sjå lys ut for dei som hadde noko å selje og tilby dei mange fiskarane som tente gode pengar. Men oppsvinget varde ikkje lenge. I 1870 var havet svart og både fiskarar og dei med kapital forsvann. Rikdommen som hadde prega byen vart erstatta med rein naud, og i 1875 var situasjonen så ille at det vart sett i gong landsinnsamling for byen og folket der. Då Martha var 15 år budde ho framleis i Florø, men ho for tidleg ut, til Bergen, kanskje for å ta seg huspost, eit vanleg yrke for jenter på slutten av 1800-talet, eller ein jobb i den tidlege industrien. 

Martha Tynæs vaks opp i ein arbeidarfamilie som truleg ikkje levde i overflod og i ei tid der mange i Florø og distriktet sleit med fattigdom og naud. Det er ikkje urimeleg å tru at dette sette spor i jenta og var med og forma hennar politiske grunnsyn. I kva grad foreldra til Martha var opptekne av politikk og samfunnsspørsmål veit vi ikkje, men faren var fetter til stortingsmannen og seinare venstrekjempa Johannes Steen. Kanskje eit frø av politisk engasjement vart sådd i heimen gjennom samtalar om fetteren til faren og hans politiske interesser og bragder? Slutten av 1800-talet var også ei brytingstid mellom det gamle og det nye samfunnet der dei sosiale skilnadane vart tydlegare, og ikkje minst politiserte.

I Bergen møtte den unge Martha Steen målarmeisteren Lars Tynæs. Etter nokre år flytta dei til Kristiania. Lars Tynæs var engasjert i Malerforbundet og i Kristiania Arbeidersamfunn, der også Martha engasjerte seg og vart vald inn i styret. Dette var det største arbeidarsamfunnet i hovudstaden, ein viktig diskusjonsarena for arbeidarrørsla i byen og dermed i landet.

Martha og Lars gifta seg og fekk tre barn. Den første tida var ho heimeverande med barna, men seinare fekk ho seg jobb ved byfutkontoret, fyrst som assistent, seinare som fullmektig. Ektemannen døydde alt i 1910, og Martha vart då eineforsytar for tre barn på 5, 12 og 14 år. Dette må ha vore vanskeleg for henne på alle vis, men ho gav ikkje opp politikken og engasjementet for arbeidarkvinnesaka. I heimen hadde ho heldigvis systera Ingeborg som tok seg av hushaldet og borna. Det letta den praktiske kvardagen, og Martha Tynæs fekk såleis rom for det politiske og kvinnepolitiske arbeidet.

Organisasjonskvinna Martha Tynæs

Klasseskiljet var djupt i Noreg på 1800-talet. Kvardagen til kvinnene frå arbeidarklassen med fattigdom, elendige butilhøve, harde og underbetalte jobbar skilde seg fundamentalt frå liva til dei meir velståande kvinnene. Klasseskilnadane nedfelte seg difor i kvinnekampen der dei sosialistiske arbeidarkvinnene organiserte seg i eigne interesseorganisasjonar. Ein av desse var Arbeiderpartiets Kvindeforening i Kristiania, skipa i 1895, med Martha Tynæs som ei av drivkreftene og sjølvsagd styremedlem. Føremålet var å støtte partiet økonomisk, ikkje minst partiavisa Social-Demokraten ved å selje eigne handverksprodukt, «En kvindeforening til udførelse af haandarbejde i partiøiemed", i følgje partiavisa. Men eige politisk arbeid stod også på dagsordenen.

Medlemane i Kvindeforeningen var ikkje redde for å vere synlege og deltok mellom anna i 1. maitog med krav om 8 timars arbeidsdag. Den 17.mai 1899 arrangerte dei også det fyrste demonstrasjonstoget med krav om allmenn stemmerett for kvinner. Mennene hadde fått sin allmenne stemmerett året før og no var det kvinnene sin tur. Samarbeidet mellom arbeidarkvinnerørsla og den borgarlege kvinnerørsla var ikkje alltid like godt, men denne gongen vart den borgarlege kvinnerørsla også invitert. Sjølv om ikkje alle tok i mot tilbodet, vart det eit storveges demonstrasjonstog med over 2000 menneske. Den kjende kvinneaktivisten Gina Krog skreiv dette i bladet Nylænde same året :

Arbeiderpartiets kvinneforening kan være stolt av sitt verk. Det har fått i stand en demonstrasjon for kvinnestemmerett, som inngyter aktelse, og det har vunnet en seier for sitt parti. Det har vunnet den ved å vise kraft, klokskap, menneskekunnskap og troskap mot sitt partis program.

KRI_Kvinneportrettet_002.jpg
Bilettekst: 17.mai 1899 i Kristiania gjekk over 2000 kvinner i demonstrasjonstog med krav om allmenn stemmerett. Kvart år fram til 1909 demonstrerte arbeidarkvinnene denne dagen med tog eller møte. Fotograf: Haffner, Wilhelm. Kjelde: Oslo Museum, Byhistorisk samling. Digitalt Museum (public domain/utan opphavsrett).

Kvindeforeningen i Kristiania vart forløparen til det Norske Arbeidarpartis Kvinneforbund, som vart stifta i 1901, som ei lokal foreining. Denne organisasjonen skulle vere eit samarbeidsorgan og samle alle kvinnelege fag- og arbeidarforeingar på eit sosialistisk grunnlag. Målet var å Virke for kvindernes sociale og politiske frigjørelse, samt at værne om og fremme kvindernes faglige og økonomiske interesser i alle maader. Kvinneforbundet var samansett av ei rekkje arbeidarkvinneforeiningar. Det skulle vere ein opplysningsorganisasjon, men samstundes ei pressgruppe innan partiet der kvinnespørsmål skulle løftast opp. Allmenn stemmerett for kvinner vart eitt av dei. Også i denne nye organisasjonen hadde Martha Tynæs ein sentral plass. Kvinneforbundet, som det gjerne vert kalla, vert sett på som starten på kvinnerørsla i Arbeiderpartiet. Og kven andre enn Martha Tynæs finn vi i spissen for dette arbeidet ? I heile 15 år var Martha Tynæs leiar av Det Norske Arbeiderpartis Kvindeforbund, som vart oppløyst i 1923.

Martha Tynæs brann for arbeidarkvinnesaka og var ein sers mykje nytta foredragshaldar, og ei rekkje nye arbeidarkvinneforeiningar kom til som resultat av hennar engasjement. Ho vert difor sett på som ein av dei viktigaste, i nokre augo den viktigaste, organisatoren av norsk arbeidarkvinnerørsle, og i 1920 talde Kvinneforbundet 106 lokale foreiningar og 4000 medlemmar.

I tillegg til sitt leiarverv og «tusen» andre aktivitetar var ho også engasjert i sitt lokale arbeidarkvinnelag på Grünerløkka i Oslo, der ho også i ein periode var leiar. Tidsskrift og aviser var viktige fora for informasjon, diskusjon og agitasjon. Norsk Kvindesagsforening i Kristiania hadde sitt Nylænde og i 1909, under Martha Tynæs si leiing, oppretta Kvinneforbundet månadstidsskriftet Kvinden. Martha Tynæs var ikkje berre talefør, men også skrivefør, og her ho skreiv ei rekkje artiklar om tidsaktuelle tema som Dei Castbergske barnelovene, rekrutteringsarbeid, kommunal stønad til trengande etc. Barnelovene hadde Martha Tynæs eit nært forhold til då ho sat som sakkunnig for Sosialdepartementet i komiteen som utarbeidde nettopp desse lovene, som skulle styrke rettane til barn fødde utanfor ekteskap.

KRI_Kvinneportrettet_003.jpg
Bilettekst: Bladet Kvinden, seinare Arbeiderkvinden, var ein viktig reiskap for debatt, informasjon og agitasjon for Kvindeforbundet. Kjelde: Arbeiderkvinden 1922/Wikimedia Commons (public domain/utan opphavsrett).

Feministen Martha Tynæs

Sjølv om kvinnene i arbeidarrørsla var solidariske med partiet, politikken og mennene i at det var det sosialistiske samfunnet med full likestilling av kvinner og menn som var målet, såg Martha Tynæs og hennar likesinna at kvinnene sjølve måtte løfte fram og kjempe for eigne saker. I den første perioden vart kampen allmenn stemmerett ei svært viktig kampsak, og her heldt Martha Tynæs fana høgt. Mange av dei borgarlege kvinnesakskvinnene datt litt av «stemmerettslasset» då kvinnene fekk avgrensa stemmerett til Stortingsval i 1909. Nokre av dei tidlege kvinnesakskvinnene meinte enda til kvinnene generelt enno var for uinteresserte og politisk umogne til å få slik makt, og spesielt arbeidarkvinnene. Martha Tynæs og arbeidarkvinnene let seg nok provosere over slike haldningar, men vart ikkje korkje påverka eller rokka i sitt standpunkt. Dei såg ikkje saka som vunnen før allmenn stemmerett var vedteken. Det målet vart nådd i 1913.

Martha Tynæs og arbeidarkvinnene sitt engasjement handla ikkje berre om stemmerett. Siktemålet var heile tida å fremje dei svakaste sine rettar og få fram dei sakene som arbeidarkvinnene best kjende på kroppen. Det handla difor mykje om sosialpolitiske saker som seksualopplysning, abort og prevensjon, bustadpolitikk, skulepolitikk, kommunale fødeheimar, morstrygd for einslege mødrer og arbeidsforholda for kvinner i industrien.

Arbeidarkvinnerørsla var både skandinavisk og internasjonalt orientert, til liks med partiet, og Martha Tynæs like så. Ho deltok på møter og kongressar i utlandet og rapporterte jamleg om dette arbeidet i Kvinden. For henne og andre feministar i Arbeiderpartiet var den tyske sosialisten og feministen Clara Zetkin ei ledestjerne. Det var også Zetkin som stifta Den internasjonale kvinnedagen under den den 2. internasjonale kvinnekongressen i København i 1910. Dei norske kvinnene let seg inspirere, og i 1915 vart den internasjonale kvinnedagen markert for fyrste gong i Noreg, med Kvindeforbundet og Martha Tynæs som arrangør.

Motivasjonen for å stifte den internasjonale kvinnedagen i 1910 var krav om ålmenn stemmerett. For dei norske kvinnene var dette målet nådd, men med fyrste verdskrig som herja i Europa var det solidaritet, krig og fred som dominerte den fyrste norske 8.mars markeringa i Folkets Hus i Kristiania, rett nok 7.mars, der heile 1000 menneske hadde møtt fram. På talarlista stod russiske Alexandra Kollontaj, då flyktning, men ei av dei fremste i det russiske kommunistpartiet, Anna Lindhagen frå Sverige og Martha Tynæs. Dette var eit møte som skapte merksemd både i og langt ut over landet. 

MarthaTynæs_anonnse.jpg
Bilettekst: i 1915 vart den internasjonale kvinnedagen markert for fyrste gong i Noreg, med Kvindeforbundet og Martha Tynæs som arrangør. Annonse i Social-Demokraten 5. mars 1915. Kjelde: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Dyrtida under 1.verdskrigen, misnøya med korleis partiet handterte denne situasjonen og revolusjonen i Russland i 1917 var med og radikaliserte arbeidarørsla. Den radikale vinden bles også inn i Kvindeforbundet, og i 1920 stilte Martha Tynæs, som høyrde til dei moderate, ikkje attval og ei ny meir radikal leiing vart valt. Saman med ein fjerdedel av medlemane gjekk Martha Tynæs ut av Kvindeforbundet og starta Norges Sosialdemokratiske Kvinneforbund. Ein epoke var over.

Politikaren Martha Tynæs

Martha Tynæs markerte seg tidleg i arbeidarrørsla og stod for alvor fram på landsmøte i Arbeiderpartiet i 1899. Der innleia ho med eit kritisk innlegg om Hvorfor staar kvinderne saa sløve og ligegyldige overfor arbeiderbegevelsen og smafunnspørsmaalene ? Ho meinte at svaret ikkje låg i naturen, men i oppdraginga av kvinna, skulen og mannen. Heller ikkje sosialistiske menn verdsette kvinna som politiske vesen, meinte ho. 

Då kvinnene i 1901 fekk avgrensa kommunal stemmerett, skreiv Martha Tyness seg inn i historia. Ho vart mellom dei 100 fyrste kvinnene i landet som fekk plass i by- og kommunestyra. Arbeidarpartiet i Kristiania fekk inn to kvinner, Martha Tynæs og Margreta Strøm, flest av alle partia. Denne plassen hadde ho til 1919.

På partiets landsmøte i 1902 vart ho også valt inn i landsstyret. Ho var ein dyktig politikar, og ved kommunevalet i 1907 vart ho kumulert på fyrsteplass for partiet sitt. Det var såleis ikkje berre hos arbeidarkvinnene ho hadde ei høg stjerne. I 1908 fekk ho også plass i formannskapet i Kristiania. Ved stortingsvalet 1909 vart Martha Tynæs historisk. Dette året hadde kvinnene fått avgrensa stemmerett til stortingsval, og ho var den fyrste kvinna i landet som var nominert som stortingskandidat, som fyrstekandidat for Arbeiderpartiet i Kristiania, for Hammersborg valkrins. Dette var ikkje ein av dei sikraste krinsane til partiet, og ho kom då ikkje inn.

Martha Tynæs si politiske karriere stogga ikkje i bystyret i Kristiania. Då ho i 1906 vart vald inn i sentralstyret i Arbeiderpartiet, det øvste nasjonale styringsorganet for partiet etter landsmøtet og landsstyret, var ho inne i den verkelege makteliten. Sentralstyret er det utøvande organet mellom landsmøta, og medlemane i sentralstyret er også ein del av landsstyret. Her sat ho som einaste kvinne i 17 år, som representant for arbeidarkvinnene. Men i 1918 var det slutt grunna dei politiske skiljelinene som utvikla seg i Arbeiderpartiet. Martha Tynæs høyrde til det sosialdemokratiske mindretalet i sentralstyret og vart erstatta av den meir radikale Anna Johnsen etter vedtak på landsmøtet.

KRI_Kvinneportettet_004.jpg
Bilettekst: Arbeiderpartiets sentralstyre 1906 - 1909. Framme frå venstre: Magnus Nilssen, Christian Holtermann Knudsen, Oscar Nissen, Carl Jeppesen og Martha Tynæs. Bak frå venstre: Arnt Aamodt, Ole O. Lian, Johan Karlgren og Johan Nygaard. Fotograf er ukjend. Kjelde: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek/Wikimedia commons 

Martha Tynæs sitt politiske engasjement var breitt, men naturleg nok var det kvinnepolitikk og sosiale spørsmål var hennar spesialområde innan kommunalpolitikken. Politisk var ho godt skulert og vel orientert om dei ulike politiske strøymingane innan arbeidarrørsla. På landsmøtet i 1918 valde partiet å gå bort frå den parlamentariske lina, noko Martha Tynæs var sterkt usamd i dette. Frå 1919 vart ho med i leiinga av den sosialdemokratiske opposisjonen i partiet. Då Arbeidarpartiet i 1921 valde å velje den revolusjonære lina i staden for den sosialdemokratiske, var tida som medlem i Arbeiderpartiet over for Martha Tynæs. Ho braut ut av partiet og gjekk inn i leiinga av Norges Sosialdemokratiske Arbeidarparti. Igjen hamna Martha Tynæs i sentralstyret som einaste kvinne, men no i eit nytt parti. I 1927 samla Det Norske Arbeiderparti og Norges Sosialdemokratiske Arbeiderparti seg igjen, men no er ikkje lenger Martha Thynæs å finne i korkje partets sentrale posisjonar eller i leiinga av Kvinneforbundet.

Personen Martha Tynæs

Martha Tynæs må ha hatt store personlege ressursar og eit glødande engasjement. Ho var utrøytteleg i sitt arbeid for politikken og kjend som ein glødande talar og agitator. Men som person vert ho omtala som stillferdig og beskjeden, langt frå nokon samfunnsomstøytar. Turid Syvertsen seier det slik i minneordet ho skreiv i Arbeiderkvinnen i 1930 då Martha Tynæs gjekk bort, 58 år gamal:

Som menneske var Martha Thynæs slik at alle måtte bli glad i henne, klok, fin og stillferdig som hele hennes fremtreden var. Personlig har jeg aldri truffet noen som det var så lett og godt å samarbeide med, selv om det kunne forekomme meningsforskjell, uten tvil fordi hun hadde en rettlinjet karakter, så velsignet fri for intrigesplill. 

Denne teksten var først publisert i Kjelda nr 2 2019.

Kjelder og litteratur: