Lenge var mikrofilm beste måten å lese gamle aviser, kyrkjebøker og folketeljingar på. I dag finn vi mykje av dette materialet lett tilgjengeleg på Digitalarkivet og Nasjonalbiblioteket sine heimesider. Sjølv om digitaliseringa har kome langt er den ikkje ferdig. Blant anna står det att fleire av dei gamle avisene frå Sogn og Fjordane. Då kan det vere ei god løysing å vitje oss her på fylkesarkivet i Leikanger. Vi har fleire av dei gamle avisene frå Sogn og Fjordane. Her kan du lese gamle annonsar, flammande lesarbrev og interessante innblikk i nyhendebilete i fylket. 

Lesesalen vår er open tysdag til fredag 09:00-15:00. 

Runde blikkboksar med mikrofilm står ut over eit bord. To kvinner arbeider i bakgrunnen.

Førre veke hadde fylkesarkivet ein gjennomgang av mikrofilmsamlinga.

To hender held opp ein rull med mikrofilm som er rulla ut. Runde blikkboksar under henda.

God lokalhistorie på rull! 

 

Velkommen til oss på fylkesarkivet!