Fagleiaren skal ha personalansvar for om lag 10 tilsette, og skal arbeide med leiing, utvikling og strategisk arbeid. Vi søker nokon med erfaring med økonomi, planlegging, personalansvar og styrearbeid.
Vår nye arkivar/rådgjevar skal arbeide med ordning, tilgjengeleggjering og formidling av eldre og avslutta arkiv, samt bistå kommunane i problemstillingar knytta til handtering av aktive arkiv.
Stillingane som fagleiar og arkivar/rådgjevar er knytt til kommunearkivordninga, eit kommunalt oppgåvefelleskap som er lagt til seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur, idrett og inkludering, også kjend som Fylkesarkivet i Vestland. Medlemmene og eigarane av ordninga er Vestland fylkeskommune og kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane.
Føremålet med dette kommunale samarbeidet er å hjelpe medlemmene med å sikre arkiva. Dette betyr at arkiva vert handtert, tekne vare på og formidla. I tillegg utfører vi ordnings- og digitaliseringsoppdrag, rådgjeving, formidlingsverksemd og ulike prosjekt i samarbeid med andre.
Arkiva inneheld viktig rettighetsdokumentasjon, samstundes som dei fungerer som kjelder til historia og slik er ein del av den samla samfunnsdokumentasjonen.
Fylkesarkivet held til i fylkeshuset på Leikanger i Sogndal kommune, som er eit eldorado for friluftsinteresserte gjennom heile året.
Søk på stillingane:
Arkivar/rådgjevar - kommunale arkiv