«Fylkessoga for Sogn og Fjordane» vert lansert i Førdehuset tysdag 17. oktober, og på Nordfjord Museum på Sandane og Sogn Folkemuseum på Kaupanger onsdag 18. oktober. Alle arrangementa er på kveldstid, gratis og opne for alle. Fylkessoga vert også presentert under fylkestingsmøtet i Florø 17. oktober.
Fylkesarkivet har vore ein sentral leverandør av kjeldemateriale og bilete til dette verket.
Aha-opplevingar
Ola Svein Stugu er professor i historie ved NTNU og har vore prosjektleiar for arbeidet for «Soga om Sogn og Fjordane».
– Endeleg er vi i mål! No har vi halde på i over fem år, så no er det på tide at eit historieinteressert publikum både i og utanfor fylket får del i resultata. Eg har følgt arbeidet til dei fem forfattarane tett, og kjenner meg trygg på at Sogn og Fjordane no får eit historieverk som folk i fylket kan vere stolte av, seier han.
Stugu trur fylkessoga kan gje meir enn ei aha-oppleving for den som søkjer svar på det store spørsmålet om kvifor Sogn og Fjordane har vorte som det er.
Viktig dokumentasjon
Fylkesordførar Jenny Følling er glad for å at prosjektet fylkestinget sette i gang no er realisert og ser fram til å bla seg gjennom soga.
– Det er viktig å dokumentere korleis Sogn og Fjordane har utvikla seg det fylket vi kjenner i dag. Eg trur soga kan vere med å stadfeste identiteten vår. Her får vi presentert historia vår frå isbreane forsvann og fram til i dag. Eg håpar mange tek seg tida til å lese fylkessoga, som har blitt eit flott verk, årets julegåvetips til Sogn og Fjordane-patriotar, slår ho fast.
Utfordrande og spanande arbeid
Soga om Sogn og Fjordane tek føre seg historia til fylket frå tida då isbreane trekte seg tilbake frå kyst og fjordar, og fram til korleis Sogn og Fjordane fekk del i utviklinga av det norske velstands- og velferdssamfunnet i tida etter den andre verdskrigen.
Førsteamanuensis Oddmund L. Hoel ved Høgskulen på Vestlandet er ein av forfattarane som har arbeidd med fylkessoga. Han har skrive band tre «Fjordfylket på nye vegar, 1875–1945» og fortel om eit utfordrande og spanande arbeid.
– Alle vi forfattarane har måtta gå langt utanfor det som er dei historiefaglege spesialfelta våre. Det har gjeve eit større rom for å sjå dei overordna utviklingsdraga og samanhengen mellom ulike tema, som samferdsle, endringar i jordbruket, politikk og kultur. Den rike lokalhistoriske litteraturen som finst i fylket har vore ei gullgruve i arbeidet, og vi håpar no at «Soga om Sogn og Fjordane» skal bli eit mykje nytta referanseverk for alle som interesserer seg for lokalhistorie, seier Hoel.
Åtte millionar kroner
Fylkestinget løyvde i desember 2010 åtte millionar kroner til arbeidet med fylkessoga. Året etter signerte fylkeskommunen og Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) avtalen om at høgskulen skulle skrive soga.
Høgskulen har samarbeidd med Høgskulen i Volda om arbeidet, redaktørar har vore Ola Svein Stugu som har tilhald ved NTNU og Hans Jacob Orning ved Universitetet i Oslo. Bokverket i fire band kjem ut på Fagbokforlaget. Historikarane som har skrive dei fire banda, er Harald E. Tafjord, Harald J. Krøvel, Jan Anders Timberlid, Oddmund L. Hoel og Hege Roll-Hansen.
For meir informasjon
Oddmund Løkensgard Hoel
forfattar og prosjektkoordinator
oddmund.hoel@hvl.no
970 21 194
Dag Grønnestad
forlagsredaktør
dag.groennestad@fagbokforlaget.no
975 54 844
For å få presseeksemplar, ta kontakt med
Ingrid Krøvel-Velle
markedskonsulent
ingrid.krovel-velle@fagbokforlaget.no
975 54 811