Arkivkatalogane gjev ei oversikt over kva arkiv dei ulike kommunane har avlevert. Dette kan til dømes vere arkiv etter formannskapet, ein skule, kommunekassen, eller likningsnemnda. Ofte er det snakk om fleire titals arkivskaparar i kvar kommune.

Møtebokregisteret gjev ei oversikt over saksregisteret til møtebøker for kommunestyre og formannskap frå 1837 og fram til kring 1930. Du kan søkje etter saker i møtebøkene, og samstundes lese saka i dei digitaliserte møtebøkene. Møtebøkene for formannskap og kommunestyre er mellom dei mest brukte arkivkjeldene, og møtebokregisteret er ei teneste som gjer det mogleg å få innsyn i desse arkiva utan å kome til lesesalen for å sjå dei.

Fylkesarkivet forvaltar også personregistermateriale med opplysingar knytt til einskildpersonar. Dette materialet omfattar mellom anna klientmapper frå PPT, barnevern, pleie og omsorg, helsestasjonar, barnehagar og skular. Dei offentlege tannklinikkane i fylket har avlevert avslutta journalar. Personregistermaterialet blir også omtala som rettsdokumentasjon, då materialet er med på dokumentere om det offentlege har utført pålagde plikter og oppgåver.