"Då klokka klang"

Her kan du bla i minneboka og sjølv lese kva læraren har å fortelje frå krigstida.

Læraren, som er anonym, gjev eit innblikk i den vanskelege tida under og etter andre verdskrig. Måløy vart hardt råka av krigen, og dette hadde innverknad på skulen i byen. 

Dette er ei arkivperle vi viser fram på omvisinga i magasinet førstkomande laurdag. Då markerer fylkesarkivet den nasjonale Arkivdagen med temaet "Då klokka klang".