Kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane arranger årleg kontaktkonferanse for medlemskommunane våre. I år er datoane tysdag 24.september og onsdag 25.september, og konferansehotellet er Gloppen hotell.

I år har vi mellom anna dette å by på:

Ei ny arkivlov og ei ny forvaltningslov er på trappene, og vi har fått med oss Gunnar O. Hæreid og Hilde Bjørnå frå lovutvala.

Digitalisering, arkivformidling og kommune- og regionsreform er høgaktuelle tema. Vi går på mange måtar inn i eit nytt arkivlandskap. Riksarkivar Inga Bolstad, fylkesdirektør for kultur idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune og fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl vil diskutere moglegheitene som syner seg i dette landskapet.

Dette og mykje meir vil du få med deg om du deltek på årets konferanse.

Trykk her for program og påmeldingsskjema.

Vi gler oss!