Standardiserte prosessar 

KDRS har vore sentral i arbeidet med å standardisera prosessane nytta av ulike kommunale arkivinstitusjonar for å verna dokumentasjon produsert i kommunal sektor. Kommunearkivinstitusjonane sitt arbeid med elektronisk arkivmateriale er prega av denne standardiseringa, der sentrale verktøy og masselagringseiningar er utvikla av KDRS.

Årsaka til at Kommunearkivordninga i Vestland lagrar våre kommunars deponeringar hos KDRS, er at både teknisk og fysisk sikring er innebygt i alle ledd. Dette vil seia at KDRS har teke høgd for alt frå dataangrep til elektromagnetiske pulsar. Innføring i KDRS sine løysningar og prosessar er difor fundamentalt for ei uniform landsdekkande langtidsbevaring av kommunars elektroniske arkiv.

Prosessar, rutinar, verktøy og fjellhallar

Besøket til KDRS gjekk over tre dagar kor dagleg leiar i KDRS, Tor Eivind Johansen og IT-ingeniør Peter Værlien, vigde denne tida til kompetanseutveksling. Fokuset låg på prosessar, rutinar og bruk av verktøy. Opplegget vart òg supplert med IKA-Rogalands brukarerfaringar. Informasjonen delt av KDRS under dette besøket var av teknisk høg kvalitet, og svært relevant for korleis me i Kommunearkivordninga skal halda høge standardar når det gjeld alt frå mottak av data, til korleis me best kan forvalta det elektroniske arkivmaterialet til kommunane.

Prosessane som KDRS gjekk igjennom resulterer med at kommunane i Vestland sitt digitale arkivmateriale vert teke vare på etter gjeldande lovar og regelverk. Kommunearkivordninga i Vestland har derfor lagra uttrekk i fleire av KDRS sine fjellhallar i Noreg, inklusivt på Svalbard. The Arctic World Archive på Svalbard lagrar data frå Vestland, saman med data frå Vatikanet, måleri av både Rembrandt og Munch, og 15 andre land.

Dette er eit skjermbilete frå ei sak laga av NBC News, om dette arkivet på Svalbard. Mannen på biletet er Pål Berg frå Store Norske Spitsbergen Kullkompani i Gruve 3, og her står han utanfor kvelvet med data frå KDRS.

Pål Berg frå Store Norske Spitsbergen Kullkompani i Gruve 3.jpg

Kjelde: NBC News, 7/6/2017 - Where Data Lives Forever: A Look Inside The Doomsday Vault (YouTube, tilgang 8/4/2022)