Denne artikkelen av Randi Melvær vart først publisert i Kjelda nr. 2 2017.

Kabuse (kapusj, kabbus)

Aagot Noss (1924-2015) var den store folkedraktforskaren vår. Ho skreiv både om kabusa og køysa. Læraren og sognedraktforskaren Anna Knutsen frå Leikanger (1885-1965) fortalde om bruk av kabuse. Den norske Wikipedia definerer kabbus slik: «en eldre betegnelse på ulike typer historiske hodeplagg i form av skulderslag, hetter og varme luer som dekker nakken og ble båret istedenfor hatt». Anna Knutsen og Aagot Noss brukte ordet meir spesifikt om ein spesiell hette-cape, nemleg den med lang cape. Kabusa var eit mellomalderplagg.

«Kabusa var ein kep med hætta over hovudet. Det skulle verna om halsen og hendane. Kabusa rokk ned til beltestaden. Den var frå Sunnfjord og vart noko brukt i Vetlefjorden. Dei knytte band under hoka. Kabusa var opi i brystet.» (Anna Knutsen)

RME_Kabusa_1.png

På tyske Wikipedia er biletteksten slik: «Mittelalterlicher Bauer mit Kapuzenmantel «Gugel» um 1250.» Denne illustrasjonen frå ca. 1250 viser ein bonde kledd i ei kabuse. (På den tida blei klesplagget kalla «Gugel» eller «Zipfel» på tysk. Begrepet «Kapuze» nytta dei først på 1500-talet.) Som vi ser dekte kabusa skuldrane, overarmane og kroppen til livet, og kanskje litt lenger. Hetta har bonden på biletet skyvd bakover, ned av hovudet.

På ei forskarferd i Sogn i 1929 intervjua Anna Knutsen Ingrid Eiken som då var 87 år. Ho fortalde om bruk av kabuse i Vetlefjorden. Ho skildra kabuse som ein cape med hette over hovudet. Dette var eit ute-plagg. Aagot Noss skreiv i boka «Kvinneklede i Sogn», at ho ikkje kjenner til nokon bevart kabuse. Den einaste opplysninga ho har frå Sogn er den frå Anna Knutsen.

Mellomalderbønder ute i Europa, og truleg også i Norden brukte kabuse, eller «Gugel» som den vart kalla på tysk før 1500-talet.

RME_kabusa_2.jpg

Dette måleriet av Francisco de Zurbaran frå 1658 viser Frans av Assissi. Han har ei brun kabuse på seg. Kapusinermunkane fekk namnet sitt etter den hetta dei brukte. Dei braut ut av fransiskanarordenen i 1525. Dette klesplagget blir kalla kabuse til tross for at kappedelen er så kort at den berre rekk ut over skuldrane. Denne er veldig lik på det Aagot Noss kalte køyse. (Kjelde: Alte Pinakothek on Wikimedia Commons)

Køyse (hette, regnveirshette, gjetlehette)

I boka «Jølster og den gamle klesskikken» viste derimot Aagot Noss mange foto og skisser av ei hette med cape på som ho kalla køyse eller hette. Dette klesplagget må truleg vere ei vidareføring av kabusa og struthetta. «Køysa er eit utanpå-hovudplagg brukt av kvinner». (Aagot Noss, s. 133) Køysa Helga Hamar (1886-1970?) brukte på fotoet i boka s. 132: Capen dekker skuldrane, går til midt på armane og rekk midt ned på ryggen. Noss viste også andre køyser frå Jølster. Dei hadde kortare cape.

Kort er også «regnveirshette» frå Naustdal, hette frå Gaular og hette frå Hyen. Køysene blir sagt å høyre til kvinnedrakta. Under skulle ein bruke hue. Då stod hetta penast. På slutten av bruksperioden for køysa blei ho brukt som ruskeversplagg utan hue under. Ein informant fødd i 1881 fortalde at ho ikkje likte å bruke køysa som barn på veg til skulen. Materialet køysene var laga i var svart eller blå vadmål og dei var handsydde.

Budeiene brukte køyse til og frå stølen når dei bar mjølkeholk på ryggen. I regnver la dei køysa over hylkjet (holken), så dei ikkje blei våte ned etter ryggen. Mennene brukte køyse berre når dei bar inn kornstaur om hausten. Då fekk dei ikkje snerper nedmed halsen. Desse opplysningane kjem frå Jølster.

Gloppestadhetta frå Nordfjord blei også kalla «gjetlehette». Den blei brukt i regnvær. Abel Gloppestad (1834-1892) frå Sandane var truleg den siste som brukte «gjetlehette» når han var ute i marka og gjette dyra. Seinare blei hetta berre brukt når karane lessa kornstaur over i ei vogn.

Struthette (kaprun), hette med «hale»

«Hette med strut» er også eit mellomalderplagg. På tysk blei også denne kalla «Gugel». (Det er jo det same namnet som kabusa hadde før 1500-talet.) Kvinnehettene hadde vissnok ein kortare strut enn mennene sine hetter.

 Struten, eller «halen» bak på hetta var det faktisk ein del strid om. Det var lengda på struten som kunne ergre øvrigheita. Prestar på Island krov at lengda på struten skulle avgrensast. Reint praktisk blei struten brukt til å slengast rundt halsen i styggever for å hindre vind og ver til å trenge inn til kroppen. Den kunne også nyttast til oppbevaring av myntar og andre småting.

RME_Kabusa_3.jpg

På dette julekortet frå om lag 1885 har nissen fått på seg hette med strut. Her er lengda på struten svært så moderat og kappa er ikkje lenger enn at den dekker skuldrane. Teiknar og utgjevar av julekortet er ukjent, også opphavslandet. Eigar er Nasjonalbiblioteket.

I boka «Jølster og den gamle klesskikken» viste Aagot Noss ei teikning av ei «hette med strut». Denne var frå Grønland på 1300-talet, frå ein norrøn buplass på Herjolfsnes. Teikninga er henta frå Nationalmuseet i København og er frå 1924.

Ei bevart struthette blei funnen under kyrkjegolvet i Uvdal stavkyrkje ( bygd etter 1168 i Nore og Uvdal kommune, Buskerud). Hetta er frå slutten av 1200-talet. I 1936 fann ein ei kort mellomalderhette på eit myrlik i Skjoldhamn på Andøya (i Vesterålen). Kleplagga på dette myrliket er truleg 1000 år gamle.

Årsaka til at ikkje fleire struthetter er bevart er vel truleg at desse hettene blei nytta i all slags ver og blei heilt utslitne. Dersom det var att heile tøybitar av hetta blei dei truleg nytta til å lappe anna tøy. Det er også ein annan sannsynleg orsak: I mellomalderen blei folk som oftast gravlagt i kister slik som i dag. Dette gir ikkje nokon god bevaring av tekstilar. Dette er nok også ein orsak til at ein ikkje har funne fleire hetter. På lik gravlagt i myr finn ein godt bevarte tekstiler. I Bocksten i sørvest-Sverige har ein også funne ei hette på ein mann gravlagt i ei myr. Denne struthetta hadde ein 90 cm lang og 2 cm vid strut. På engelsk blir denne hetta kalla «a gugel hood with a liripipe («tail»).»

 

Kjelder og vidare lesing:

Informantar:

  • Arkeolog Marit Anita Skrede
  • Arkeolog Sigrid Samset Mygland

Arkiv:

  • Anna Knutsen sitt privatarkiv: SFF 90165

Litteratur:

  • Hovland, Bjørg: Folkedrakter og bunader frå Sogn, ei reise i tid og landskap. Skald 2014.    235 s.
  • Noss, Aagot: Kvinneklede i Sogn. Døme på ein vestnorsk tradisjonell klesskikk. Novus 2012. 127 s.
  • Noss, Aagot: Jølster og den gamle klesskikken. Novus 2005. 205 s.
  • Noss, Aagot: Eit mellomalderplagg i levande tradisjon. Frå Herjolvsnes på Grønland til Jølster i Sunnfjord. Folkemuseet, Oslo, 1977. Digitalkopi på nb.no.

Wikipedia-artiklar: