Dei neste vekene skal dei tre få bryne seg på brevsamling, offentlege arkiv, og dei skal vere del av prosjektet Skulen min, som kartlegg gamle skular i tidlegare Sogn og Fjordane. Dei får ei innføring i korleis arbeidslivet er, samtidig som dei får arbeide med oppgåver som er relevante for utdanninga.
– Eg ser fram til å utforske magasinet og gler meg til å oppdage kva historisk materiale eg finn her på arkivet. Eg gler meg i å ta del i ein arbeidsplass som er aktuell for bachelorgraden min, seier Alexander Fotland Iversen.
Nyttig for fylkesarkivet
Han er saman med Marius Oma Berge og Karl Fredrik Balchen det andre kullet som får høve til å ha slik arbeidspraksis hjå fylkesarkivet. Seksjonsleiar Arnt Ola Fidjestøl er nøgd med samarbeidet med høgskulen
– Det er svært nyttig for oss å få tilbakemeldingar frå studentane om korleis dei opplever oss, og måten vi arbeider med arkiv. Utviklinga innan digital formidling går raskt, og det er viktig for oss å følgje med, slik at vi når ut til brukarane våre på ein god måte.
Innblikk i livet etter utdanninga
Studentane ser fram til både å få eit innblikk i samlingane og arbeidet til fylkesarkivet, og å sjå kva dei kan bruke utdanninga si til i framtida.
– Eg trur det kjem til å bli spennande å jobbe på arkivet og å få erfaring med korleis historiekompetansen min kan brukast i arbeidslivet. Samtidig så sit arkivet på store mengder informasjon som vil bli spennande å utforske, seier Marius Oma Berge.
– Eg ser for meg at det kan bli eit veldig fasinerande opphald med mange nye opplevingar. Eg kan få innblikk i eitt av dei praktiske bruksområda til utdanninga, og korleis dette kan gi meg formeiningar om kva eg ønsker å arbeide med etter at eg er ferdig med utdanninga, seier Balchen.
Ein god samarbeidspartnar
Praksisen for historiestudentar er del av at den nye vektlegginga av arbeidserfaring i historiefaget ved høgskulen. Eitt av dei viktigaste tiltaka var å innføre eit praksisopphald på sju veker i nest siste semester. Professor Oddmund L. Hoel fortel at fylkesarkivet har vore ein god og viktig samarbeidspartnar sidan dag ein.
– Fylkesarkivet og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum var dei første verksemdene vi kontakta med tanke på praksisplassar for første kull hausten 2019. Vi fekk ei positiv første oppleving, med god planlegging på førehand, varierte og relevante arbeidsoppgåver og tett og god oppfølging undervegs. Vi er difor glade for å auke frå to til tre studentar der i haust, seier Hoel.