Namnet på gatestubben skriv seg tilbake til rundt 1950. Landstykket høyrte til prestegarden, og det låg ein husmannsplass her. Der budde det ein familie på sju. Huset dei budde i var enkelt, med korkje innlagt vatn eller isolasjon til dyra som budde i kjellaren. Kommunen hadde bestemt at tomta skulle skiljast ut til byggjefelt, kommunens fyrste. I samband med utbygginga bestemte ein òg å flytte familien frå husmannsplassen til ein gamal lærarbustad på Grinde, lenger ut fjorden. Familien motsette seg dette, og saka enda med at familien vart tvangsflytt til Grinde. Tvangsflyttinga skapte debatt i lokalmiljøet. På same tid herja krigen i Korea, og området fekk same namnet, som ein referanse til konflikten som oppstod kring tvangsflyttinga.

Då gatestubben skulle få nytt namn i 2019, vedtok ein å gje han namnet Korea. I stadnamnsamlinga til Fylkesarkivet i Vestland finn vi namnet med følgjande merknad:

«Utnamn alm. brukt. Byggjefeltet det fyrste i bygda. Store stridar nett som i Korea på same tid.»

Bakgrunnen for at namnet no er oppe til debatt, er eit ønskje om å byte gatenamnet på grunn av konnotasjonane til den tidlegare konflika på staden. Som alternativt namn føreslår framleggsstillarane namnet Rosenlund, som var namnet på den tvangsutflytta familien.

Av prinsipp skal myndigheitene unngå å gje namn, til dømes til gater, som verkar støytande. Dette gjer ein av omsyn til dei som skal bu i området. Samstundes skal ein ikkje velje vekk tradisjonelle namn sjølv om namnet kan vekkje negative assosiasjonar for dei som ikkje kjenner opphavet til namnet eller den lokale dialekta. Dette gjer denne aktuelle namnesaka interessant. Verkar namnet Korea støytande fordi den minner oss om lokale konfliktar og offentleg maktbruk – eller maktmisbruk? Eller er det nettopp denne påminninga som er opphavet til den nedervde namnet på byggjefeltet, og dermed er eit argument for at namnet bør halde fram?

 

Referansar:

Stadnamn-samlinga til Fylkesarkivet i Vestland.
Systrond sogelag. «Kvifor Korea?».
Sogn avis, 02.01.2022.