Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har sidan 2001 vore ei digital formidlingsteneste med lokalhistorie i sentrum. Tenesta blei etablert og drifta av NRK Sogn og Fjordane fram til 2015. Då tok Allkunne, ei avdeling i stiftinga Nynorsk kultursentrum, ansvaret for å gjere innhaldet tilgjengeleg på sin nettstad. 

Ein ny heim

Elin-3.JPGElin-3.JPGFrå 2021 skal Nynorsk kultursentrum samarbeide med Store norske leksikon om meir nynorsk leksikoninnhald på snl.no, og Allkunne blir avvikla. Det var difor på tide å finne ein ny heim til dette lokalhistoriske innhaldet, og Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet/seksjon for arkiv er ein naturleg arvtakar. Elin Storøstevik er fagleiar for foto hjå Fylkesarkivet og er nøgd med løysinga.

– Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har i mange år formidla eit breitt spekter av lokalhistorisk stoff frå Sogn og Fjordane, og vi ser på det som ei naturleg oppgåve for oss å sikre at det rikhaldige og populære innhaldet frå denne historiske formidlingstenesta blir bevart for ettertida, seier ho. Elin-3.JPG

Bevaring er førsteprioritet

Brukarar av Fylkesarkivet vil i første omgang møte ein arkivversjon av leksikonet som er gjort tilgjengeleg for ålmenta. Sidan artiklane berre har blitt sporadisk oppdaterte, og det kan vere vanskeleg å spore kjeldene, må artiklane lesast med dette i mente. At innhaldet blir bevart og tilgjengeleg, er det viktigaste i første omgang.

– Vi er svært glade for at Fylkesarkivet tek over fylkesleksikonet, slik at folk framleis får tilgang til dette innhaldet, seier tidlegare Allkunne-redaktør, Stina Aasen Lødemel.Stor breidde

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane inneheld artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna.

– Vi veit at mange bruker Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Artiklane er til glede og nytte for mange lesarar. Vi er glade for at leksikonet no kjem heim til Sogn og Fjordane, og heim til eit breitt lokal- og regionalhistorisk miljø. No blir stoffet utvikla til det beste for lesarane, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.