Ein logo er ein grafisk figur og har funksjon som visuelt kjennemerke for til dømes organisasjonar og verksemder. Det som ofte kjenneteiknar ein god logo, er den at den er enkel samstundes som den er lett å forstå og kjenne att. Det er også viktig at den seier noko om verksemda og er relevant for den sektoren den opererer i.

Då vi starta prosessen med å få utarbeidd ny logo, ønska vi oss ein logo som er eit tydeleg visuelt kjennemerke for fylkesarkivet, samstundes som den viser tilhøyr og slektskap til fylkeskommunen og andre fylkeskommunale institusjonar.

Den nye logoen vår er sett saman av fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane og namnet på institusjonen vår. I tillegg inneheld logoen ein grøn strek, og denne kan gi mange ulike assosiasjonar. Grafisk designar Vegar Heimsæter fortel om kva symbolverdi han legg i streken:

- Streken viser til rørsle, overføring av kunnskap og lagring av data. Informasjon frå fleire hald som vert samla, overført og lagra i eit større system. Streken balanserer også det visuelle tyngdepunktet og gir ekstra merksemd til ordet «arkiv».

På fylkesarkivet ser vi også at den grøne streken kan minne om ei arkivmappe, og vi oppdagar stadig nye ting når vi ser på logoen som heilskap. Dette forsterkar inntrykket vårt av at vi har fått ein verkeleg god logo, og vi gler oss over å kunne ha med oss dette kjennemerket i mange år framover.