Variert notesamling

På garden Paulen i Jølster vaks det ved førre hundreårskifte opp ein søskenflokk på tre jenter og seks gutar der all var svært musikalske. Særleg dei tre brørne Moses, Adolf og Petter vart ettertrakta som spelemenn. Dei komponerte fleire slåttar, og «Paulsmusikken » er eit omgrep innan folkemusikken som skriv seg tilbake til brørne og heimegarden deira.

Fylkesarkivet i Vestland husar notesamlinga etter Adolf Paulen (1912–1976). Her finn vi fleire eksemplar av eigenkomponert musikk, og komposisjonar andre har skrive. Samlinga består både av reinskrive noteblad og av kladdar og små brotstykke av melodiar.

Men i notesamlinga til denne viktige tradisjonsberaren finn vi ikkje berre nedskriven tradisjonsmusikk. På biletet kan du sjå eit noteblad med tittelen «Menuett» av Georg Friedrich Händel (1685–1759). Noten er nøye notert med ornamentikk, fingersettingar og bogestrok, på tysk og italiensk.

Menuett Handel Adolf Paulen.png

Frå Hannover til London

Händel var ein av barokkens mest kjende komponistar. Han var tysk, men budde og arbeidde størstedelen av livet i London. Der komponerte han nokre av dei mest kjende verka sine, slik som operaene Xerxes og Julius Cæsar, og det kjente oratoriet Messias.

Menuetten i notesamlinga etter Adolf Paulen vart komponert ein gong etter 1710, på den tida Händel flytta frå Hannover til London. Stykket blei opphavleg skrive for instrumentet cembalo, men Händel brukte denne melodien i fleire sonatar og concerti grossi. I katalogen over alle Händel sine komposisjonar har melodien nummeret HWV 516c.

Musikken vandrar

Korleis melodien har reist frå London til Jølster, veit vi ikkje. Adolf Paulen var, slik som dei fleste av søskena sine, sjølvlært. Likevel er det ikkje heilt overraskande å finne denne melodien i notesamlinga hans. Til liks med folkemusikken, har også kunstmusikken vore på vandring og blitt kopiert frå musikar til musikar. Melodiane til dei store europeiske komponistane dukkar opp i mange notesamlingar og notebøker langt unna dei store konserthusa. Dette viser korleis alle typar musikk er på vandring, også frå London til Jølster.