- Arkivet har vore ei svært viktig kjelde for meg, og det er kjeldemateriale frå arkivet som har gjeve meg størsteparten av kunnskapen eg i dag har om tradisjonelt slåttespel frå mitt heimområde.

Hardingfelespelaren Egil Furenes frå Fjaler er ein av dei som har fordjupa seg i slåttespelet frå ytre Sogn og Sunnfjord. Og det var prosjektet Fjordapuls som skulle bli Furenes sin døropnar inn til historisk kjeldemateriale.

Fjordapuls som døropnar

I 2001 starta Bygda dansar-prosjektet ”Fjordapuls” opp i Sogn og Fjordane. Her var unge dansarar og musikarar frå heile fylket med, og eit viktig mål i prosjektet var at lokale tradisjonar skulle vere grunnlaget for arbeidet. Den då 17 år gamle Egil var ein av fleire musikarar i prosjektet.

- Eg hugsar at musikalsk leiar i prosjektet, Arne M. Sølvberg, presenterte oss for musikk frå min heimstad. Han hadde skrive ned slåttar etter Alf Åsnes på notar, og han viste oss dessutan eldre notenedskrifter som var gjort etter Edvard Brendehaug. Det var utruleg spennande!

Etter denne Fjordapuls-samlinga bar det rett heim til Fjaler for å lære seg kunsten og lese notar. Han hadde blitt hekta, og skjønte at det låg tallause slåttar og venta på han i arkivet. Grafiske teikn på eit papir som skulle omsettast til klingande musikk.

- Eg lærde meg å lese notar, og det har kome godt med! Seinare har eg lært meg mange slåttar frå ulike kjelder. Eg har rett og slett blitt hekta – på både notenedskrifter og gamle lydopptak!

Det gamle spelet frå ytre

Spelemannen Edvard Brendehaug (1873-1936) blir av mange rekna som ein av dei mest sentrale tradisjonsberarane i området. Dessverre fins det ikkje lydopptak av Brendehaug, men han hadde fleire læresveinar som førde spelet vidare.

- Eg har høyrt mykje på spelemennene Kristoffer Teige, Arne og Steinar Rivedal, og Kristian Espedal. Dei hadde til felles at dei hadde lært slåttar av Brendehaugen. Sjølv om kvar av dei spelte på sitt eige vis, så har dei ein del strøk og tekniske detaljar som eg tenkjer har vore typisk for slåttespelet her i området. Det har vore veldig interessante ting å gripe tak i.

For nokre år tilbake tok Furenes initiativ til å skipe spelemannslaget Havbrusen. I dette laget har dei løfte fram lokale slåttar og lokal spelestil, og er såleis med å ta vare på og vidareføre denne musikkarven.

- Vi bestemde at vi ikkje skulle ha ein musikalsk leiar i dette laget, det skulle vere flat struktur. Men no har det likevel blitt slik at det er eg som bestemmer mest, seier Furenes med eit lurt smil om munnen.

Å spele på sitt eige vis

Sjølv om Furenes dei siste åra har brukt arkiva som kjelde for kunnskap og slåttar, så var det ikkje arkivet som lærde han kunsten å spele. Handverket og dei første slåttane fekk han lære av høgst levande spelemenn.

- Håkon Solås var den eg lærde mest av, og han spelte slåttar frå mange ulike tradisjonar. Mellom anna var han svært glad i telespelet, og eg fekk lære mine fyrste teleslåttar frå han. Sidan har interessa hans smitta over på meg, og eg har høyrt mykje på historiske opptak av storspelemenn som Eilev Smedal og Gunnulv Borgen frå Telemark.

For Furenes spelar det likevel ikkje så stor rolle om det er ein slått frå Hyllestad eller Telemark han spelar.

- Alle speltradisjonar har sitt særpreg, og det prøver eg å ta vare på. Samstundes spelar eg på mitt eige vis, akkurat slik alle spelemennene før meg har gjort.

Frå oppdaging til prosjekt

Furenes har vore ein flittig brukar av arkivet, noko tingingslistene til musikkarkivet viser.

- Ei stund rakk musikkarkivaren nesten ikkje å ferdigstille ei tinging før eg sende inn ei ny! Men det er utruleg kjekt og ein stor verdi for meg å få tilgang til dette materialet, så eg  set veldig pris på sørvisen eg har fått.

Nyleg fekk Furenes kopi av opptak med spelemannen Bendik Brynestad. Han kom frå Olden i Nordfjord, men både han og broren Daniel busette seg etter kvart i Dale i Fjaler der dei jobba på skofabrikken.

- Eg vart veldig begeistra for desse opptaka. Bendik spelte nok vanleg fele i barndomen, men gjekk over til hardingfele. Han deltok på mange kappleikar, og var etter mi meining av dei beste spelemennene på Vestlandet i si tid. Ein sterkt undervurdert spelemann som ikkje har vore så mykje framme i lyset.

Etter Bendik Brynestad er det også bevart ei samling med fleire hundre notar, og denne har Furenes fått låne av etterkomarane.

- Størsteparten av slåttane i samlinga har sitt opphav i Nordfjord, men der er også slåttar han har laga sjølv og skrive ned etter spelemenn frå Sunnfjord og andre stader i landet. Her er det så mykje å gripe tak i at eg no skjønar at dette har blitt til eit heilt prosjekt!

Kjenner vi Furenes rett, så blir det nok ikkje lenge til vi kan gå på konsert og høyre spel og historier etter Brynestad.