Fjordane krins av Det norske totalavholdsselskap vart i 1907 delt opp i Sunnfjord fylke av D.N.T., og Nordfjord fylke av D.N.T. I Sunnfjord heldt rørsla seg godt, og toppa seg i 1913 med 5905 medlemer – born, ungdom, vaksne og eldre. I åra deretter, fram mot folkerøystinga, gjekk både medlemstal og aktivitet i lokallaga ned.
Men i 1919 synte Sunnfjordingar si edruelegheit med røystesetelen i hand. Då spørsmålet om ein ynskte å innføre eit permanent forbod mot brennevin kom opp, stemte 81 prosent av sunnfjordingar for dette. I Vevring stemte 87 prosent for forbodet, medan «berre» 73 prosent stemte mot i Florø. Dette var ein braksiger for avhaldsrørsla, trass i at brennevinsforbodet vart oppheva åtte år etter.
Utviklinga til avhaldsrørsla i Sunnfjord i hundreåret etter er ganske lik rørsla over store delar av landet: medlemstala gjekk ned, organisasjonen sleit med å få inn kontingentar og å halde liv i lokallag.
Likevel forsøkte rørsla å fornye måten å påverke folk på. Dei gjekk etter kvart vekk frå den gudfryktige og skamfulle argumentasjonen, og lente seg på forsking og ernæringsfysiologi. Dei bestilte til og med konsulentutgreiingar som viste at alkoholforbruk hjå arbeidarar kunne koste bedriftseigarar pengar. Noko stod likevel like mykje i fokus gjennom alle år: idrett og ungdom.
Om du vil lese meir om avhaldsrørsla eller sjå nokre spanande trykksaker frå tidlegare tider, er arkivet å finne hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Det er no gjennomgått og ordna. Katalogen finn du på Arkivportalen.