Fylkesarkivet har samarbeidd med fleire andre arkivinstitusjonar i Vestland for å få fram eit breitt bilete born og unge i materialet vi oppbevarer. Vi har i år valt eit digitalt arrangement, i form av kjeldeslepp og nettutstillingar.

Fylkesarkivet i Vestland

Fylkesarkivet sitt bidrag er å løfte fram born frå fotosamlingane og tradisjonsmusikken vi forvaltar.

I fotoarkiva våre er det kring 115 000 digitaliserte historiske fotografi, frå 1800-talet og fram til i dag. Her finn vi også svært mange bilete av born, men dess lenger tilbake i tid vi går, dess mindre barnlege og spontane er motiva.

Born vart lenge fotograferte som om dei var små vaksne: i finklede, med stive blikk og stort alvor, eller oppstilte i arbeidssituasjonar. Det gjer noko med korleis vi tenkjer på barndommane til våre eigne formødre og -fedre, og det kan gjere det vanskeleg å hugse at born trass alt var born før i tida og.

Kva slags bilete som finst i arkivet er også tett knytt til kva samfunnslag borna tilhøyrer. Ein finn ikkje mange bilete av borna til husmenn og arbeidarar, og sjeldan der dei er i leik. Det står i sterk kontrast til dei innhaldsrike fotoalbuma til middelklassen, der vi kan finne den same entusiastiske dokumenteringa av blide barnefjes for hundre år sidan, som vi har i notida. På kvar sin måte gir desse bileta innblikk i fortida vår, og let oss reflektere over vår eigen oppvekst og den til borna kring oss. 

Ein smakebit av born i historiske fotografi finn du på Flickr.

Born gjer seg også gjeldande i tradisjonsmusikken. Sjølv om dei fleste arkivopptaka ved Fylkesarkivet i Vestland er av vaksne tradisjonsberarar, inneheld samlingane våre fleire opptak av born som syng og speler.

Frå 1990-talet av tok det dåverande Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane til med å gjere opptak av juniorklassane på fylkeskappleikane. Dokumentasjonen omfattar dermed deltakarar på smørbukk- og sjokoladekappleikar i tillegg til vaksne. Desse rekruttevlingane er uformelle mønstringar for born, gjerne på same tid som ein «vaksen» kappleik. Ein sjokoladekappleik er gjerne friare i forma, og alle deltakarar blir premiert med god sjokolade.

Born og unge lærer musikk i både formelle og uformelle situasjonar, enten det er på leikeplassen, nattasongen om kvelden eller av ein lærar. Dokumentasjon av born sin musikkultur fortel om skiftande trendar, nye førebilete og vidareføring av tradisjonar.

Denne spelelista på SoundClod inneheld døme på kva materiale vi har der born framfører vokal tradisjonsmusikk.

Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen

Spesialsamlingane har òg sett fokus på born i bilete, men avgrensa til unge i arbeid. Barnearbeid var tidlegare vanleg i Noreg, og er framleis ein altfor utbreidd realitet i mange land. Fotoutstillinga viser born i ulike arbeidssituasjonar, som til dømes på gardar og i fabrikkar.

Billedsamlingen, UB Bergen.
Liten gutt med høybør. Muligens fra Kleppestø, 1905. Fotograf: Oscar Hansen. Billedsamlingen, UB Bergen.

Spesialsamlingane har i tillegg laga ei nettutstilling om dei sokalla skulebornoppskriftene, stadnamn samla inn av skuleborn på mellomtrinnet (6.-7. klasse) frå 1931 og fram til midten av 1950-talet. Språkforskaren Gustav Indrebø leia arbeidet. Prosjektet var nasjonalt, og resulterte i mellom 30 000 og 40 000 innsamla stadnamn. Borna blei bedne om å svare på dialekt, og dei skulle i tillegg skrive ned segner og historier knytta til garden dei kom frå.

Les meir om Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen si markering av Arkivdagen på denne nettsida.

Bergen byarkiv

Bergen byarkiv har publisert ei rekkje protokollar frå dei stadlege fabrikktilsyna i Bergen, Fana og Laksevåg på Digitalarkivet. Materialet dekkjer perioden 1893-1931. Protokollane er ei rik kjelde til kunnskap om industrihistorie og arbeidstilhøve ved bedrifter i Bergensområdet, mellom anna bruk av born som arbeidskraft. I 1912 var for eksempel heile 20 av 68 arbeidarar ved tobakksfabrikken Victoria i Solheimsviken under 18 år, fem gutar og ei jente var i alderen 12-14 år.

Byarkivet har også digitalisert to protokollar frå fattigstellet i Bergen med oversyn over born som vaks opp hjå pleieforeldre eller barneheimar. Dei dekkjer perioden 1901-1915. I protokollane finn vi namn på borna, kven dei biologiske foreldre var, og dessutan namnet til pleieforeldra og bustad. Protokollane fortel videre kva som var årsaka til stønaden, kor tid den begynte og kva pleieforeldra eller barneheimen fekk i månadlege bidrag (pluss eventuelle ekstraytingar).

Les meir om Bergen byarkiv si markering av Arkivdagen på denne nettsida.

Bergen byarkiv: Hovedbok III - 1901-1907 - Barn (under 15 år) som forsørges av andre enn foreldrene.
Bergen byarkiv: Hovedbok III - 1901-1907 - Barn (under 15 år) som forsørges av andre enn foreldrene.

Interkommunalt arkiv i Hordaland

Interkommunalt arkiv i Hordaland kjem med eit stort kjeldeslepp i høve Arkivdagen, og har mellom anna digitalisert ei rekkje protokollar frå fattigstyra. I arkivmaterialet frå fattigstellet vart borna gjerne ført opp i eigne lister. Kor mykje informasjon vi kan hente fram om borna varierer frå liste til liste. Medan enkelte nøgde seg med å skrive inn namn på mor og far inneheld andre protokollar meir detaljerte skildringar. Her får vi opplyst både namn og fødselsdato til barnet, kven dei biologiske foreldra var, kor barnet budde og kven barnet var i forpleiing hjå.

IKA Hordaland har i tillegg digitalisert lagsblada frå Djønno og Kleppe ungdomslag. Ungdomslagsrørsla byrja framvoksteren i andre halvdel av 1800-talet, og var særleg tufta på kampen for norskdom. I motsetnad til svært mange andre kjelder der born og unge vert omtalt, er det dei unge sjølv som uttrykkjer seg i lagsblada.

IKA Hordaland
Kleppe ungdomslag. Lagsavisen Solglytt 1911. IKA Hordaland.

Ved nokre industristader på Vestlandet vart det etablert eigne fabrikkskular. Dette var skular for born av fabrikkarbeidarar, og dei var som regel drivne av fabrikken, aleine eller i samarbeid med kommunen. I skuleprotokollane etter fabrikkskulane finn vi namn og fødselsdato på elevane ved skulane, når dei vart opptekne i skulen og karakterane deira i einskilde fag. I protokollane finn vi òg notat eller merknadar som læraren har gjort seg. Dette kunne vere kommentarar om elevane sine evner, opplysningar om kva år elevane vart konfirmert og om flytting. IKA Hordaland har digitalisert skuleprotokollar frå Dale og Fotland.

Les meir om IKA Hordaland si markering av Arkivdagen på denne nettsida.