Rasmus vart fødd på Flo i 1851. Han utdanna seg til filolog, og hadde ei sentral rolle i arbeidet med den første nynorsknormalen. Rasmus sat dessutan i redaktørstolen for Syn og Segn frå oppstarten av tidsskriftet i 1894 og fram til han døydde i 1905.
Arkivet inneheld ei stor mengde med brev, kladdebøker og ymse andre dokument. Det er ein viktig skriftleg arv frå ein av våre sentrale målreisarar.
Det var søskena (frå venstre på biletet) Liv, Else, Astrid, Kolbein, Ragnhild og Solbjørg Fridtun som leverte inn materialet. Oldefaren deira, Jon Fridtun, var nevøen til Rasmus Flo. Både Jon og seinare generasjonar på garden har hatt ei stor interesse for språk, dikting og lokalhistorie. Arkivet har difor blitt teke godt vare på.
Vi takkar for det avleverte materialet!