Dette er ein redigert versjon av teksten frå Kjelda nr.1 2019. 

Vedlagt ligg ei oppmoding frå Inga Nitter Walaker om at kvinner må ta i bruk stemmeretten sin ved stortingsvalet i 1953. Ein må stemme for å kunne vere med på å vise kva for saker ein sjølv meiner er viktige, sa Walaker. Kommunestyre- og fylkestingsval er minst like viktig som stortingsvalet, og det er no ein kan påverke korleis fylket og kommunen sin skal bli styrt i dei neste fire åra.

Menn fekk allmenn stemmerett i 1898, men det var først i 1901 at kvinnene kunne stemme ved kommunevalet. Etter ei gradvis innføring av stemmerett for kvinner fekk kvinnene fullstendig stemmerett i 1913. Det tok mange år før kvinnene tok i bruk stemmeretten sin til liks med mennene. Det føregjekk ei gradvis utjamning mellom kjønna frå 1950-talet, men fyrst i 1985 var valdeltakinga lik mellom kvinner og menn på landsbasis. På 1950-talet var det framleis kvinner i byane som i størst grad nytta seg av stemmeretten sin, og oppmodinga til Walaker var såleis heilt på sin plass i vårt bygdefylke. Resultatet dette året var at 14 kvinner vart valt inn på Stortinget. Det utgjorde 4,7 % av alle dei valde.

I dag er trenden at det er fleire kvinner som stemmer ved kommunevalet enn menn. Dei som i dag interesserer seg minst for å delta i val, er unge menn i alderen 20 til 24 år.

Oppmodinga frå Inga Nitter Walaker 

Solvorn den 15/9-1953

Me står framfor eit nytt val. Her skal velgjast dei menn og kvinner som skal styra landet i 4 år framover. Difor gjeld det at me kvinner brukar den røysteretten me gjennom årtider har kjempa for.

Det er eit skeivsyn at so mange kvinner sviktar her. Me blandar oss ikkje burt i politikk. Det får mennene styra med, høyrer ein svert ofte. Men me kvinner må sjølve vera med å kjempa for dei saker me brenn for.

Ein huslyd er eit lite samfund. Skal far eller mor stella åleine med barneflokken, vert det berre halvgjort. Dei må vera båe tvo. Dei må stimulera tiltaksevna og innsatsviljen hjå kvarandre. Det å setja alt inn på å arbeida for seg og sine - sjå fruktene av arbeidet sitt, få vinning av den personlege innsatsen, er drivkrafti i alt skapande yrke.

Slik vert det og i den store samfundsheimen. Me kvinner ser ofte kvar skoen trykkjer. Me vil kjempa for det kristne livssynet, at det skal vera roti i folket vårt. Får det kristne livssynet råderom, vil det slå seg ut på so mange omkverve. I omsut for heimane, ved byggjing av gode og helsesame bustader, der eit godt familieliv kan alast fram. I omsut for born, mødre, sjuke og gamle. I form av trygder og hjelperåder. Sjuke, barne og barselpleierskar, og husmorvikarar. Elektrisk ljos og kraft og innlegging av vatn til alle.

Husstellopplæring, folke og framhaldskule både for gutar og gjenter. Utbygging av husmorskular, slik at alle gjenter kan få høve til å gå der. Ei kald hand legg seg over heimane i dag ved det auka rusmisbruket. Me kvinner må stimulera edruskapen i folket vårt, og finna boteråder.

I samarbeid millom mann og kvinna, vert grunnlaget for heimane sin trivnad og økonomi lagt ned.

Til å fremja ein harmonisk framvokster i eit demokratisk samfund, vil det alltid verta spursmål om jamvikt.

Difor må me kvinner vera vakne for vår rett og vår plikt.

Stemmerett er stemmeplikt.

KRI_Inga 8.mars_001.jpg

Inga Nitter Walaker, 90 år. Foto: Hermod Walaker. Datering: ca.1983

Kjelder

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2019103, Walaker, Inga Nitter

Statistisk sentralbyrå, historisk statistikk. Kommunevalgene og ordførervalgene 1951 https://www.ssb.no/a/histstat/nos/nos_xi_120.pdf

Bufdir. Politisk deltaking og kjønn https://www.bufdir.no/en/Statistikk_og_analyse/Kjonnslikestilling/Politikk_og_kjonn/Politisk_deltaking/