Dette er andre runde med innsamling av bankarkiv. I perioden 1997-2000 vart det gjennomført eit stort prosjekt der Sparebanken Sogn og Fjordane fekk ordna og registrert det eldste arkivmaterialet dei oppbevarte.

I denne runden har vi fått inn om lag 40 hyllemeter bankarkiv. Delvis er det tale om tillegg til arkiv vi oppbevarer frå før, men mykje av det er òg frå heilt nye arkivskaparar. Nedanfor følgjer eit oversyn, med lenkje til kataloginformasjon på Arkivportalen.

SFF-99010 Askvoll Sparebank
SFF-95088 Naustdal Sparebank
SFF-2018104 Sparebanken Flora-Bremanger
SFF-99003 Vevring Sparebank
SFF-99029 Gaular Sparebank
SFF-2017102 Bremanger Sparebank
SFF-2017103 Kinns Sparebank
SFF-95086 Leikanger Sparebank
SFF-99063 Sparebanken Sogn og Fjordane
SFF-95075 Jølster Sparebank

Vi vil takke Sparebanken Sogn og Fjordane for eit godt samarbeid. Det er særs viktige kjelder som no har blitt ordna og teke vare på for ettertida.