Meisterspelemannen Sjur Helgeland

Mange reknar meisterspelemannen Sjur Helgeland (1858-1924) frå Myrkdalen som kjelda til Vossavalsen. Ein transkripsjon folkemusikksamlaren Arne Bjørndal gjorde etter Helgeland i 1914, fortel ei litt anna historie. På notearket kan vi lese: «S. Helgeland fekk slaatten av Per Sandnes, Lærdal». Kven Sandnes hadde slåtten etter, er ikkje kjent.

Kappleikane i Bergen

I 1896 skipa Vestmannalaget til den første kappleiken i Bergen, og her var Helgeland mellom dei 20 påmelde deltakarane. Og det var nettopp meisterspelemannen frå Vossestrand som skulle gå av med sigeren og få kr. 50,- i premie. Domsnemnd var «Herrarne: Dispachør Frants Beyer, Konsul John Grieg og Kapellmeister Johan Halvorsen».

Etter kappleiken skreiv Bolette Pavels Larsen eit referat som vart prenta i Folkebladet 1896, nr 18: «Sjur Helgeland fra Vossestranden, der vandt første Præmie, er, efter Domsmændernes Sigende, rent et Geni. Han har, som man ser, et prægtigt ansigt, er en ægte Vossetype. Han er godt kjendt af mange Bergensere, men blandt dem der sætter Pris paa ham, maa det være nok at nævne bare et Navn, der veier alle de andre op: Edvard Grieg.»

Møttest i Bergen?

Moglegheit for å vinne pengepremiar, få godord og skryt, møte og «bryne seg på» andre gjorde kappleikane til ein magnet for spelemenn. Då, som no. Og alt året etter, i 1897, finn vi Per Sandnes som deltakar på kappleiken. I konkurranse med ei rekkje spelemenn frå heile Sør-Noreg spelte han seg til ein tredjeplass i klassen for dei over 22 år. Om Sjur Helgeland var med på kappleiken i 1897, kjenner vi ikkje til. Men i 1898 finn vi både Per Sandnes og Sjur Helgeland som deltakarar. Helgeland vann seniorklassen, medan Sandnes fekk «Umframpremie» saman med Ola Mosafinn og Eivind Aakhus.

Kven veit, kanskje var det på denne kappleiken i 1898 Sjur lærde valsen av Per? Meir enn 100 år seinare lever valsen i alle høve i beste velgåande!

Teksten vart først publisert i Kjelda nr 1 2016.

Kjelder

Litteratur: Hannaas, Tor. Vestmannalaget i 100 år. Bergen: Norsk bokreidingslag, 1978

Arkivkjelder/samlingar: Arne Bjørndals Samling, notesamlinga, Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen