Prosjektmedarbeidar "Skulen min"

Vi er på jakt etter ein prosjektmedarbeidar som ønskjer å jobbe med historiefag og kjelder, formidling, oppfølging av frivillige og prosjektarbeid. Den som vert tilsett vil hovudsakleg jobbe med å gjere skulearkiv frå Vestland fylke tilgjengeleg på best mogeleg måte. 

Som prosjektmedarbeidar vil du både jobbe med ordning og registrering av protokollar, skanning og metadataregistrering, men også med formidling og med koordinering av arbeidet med formidlingsportalen Skulen min. Publisering av skanna materiale på Digitalarkivet er eit mål. Ei anna viktig oppgåve blir å ha dialog med Arkivverket og eksterne konsulentar om å opprette koplingar mellom vårt materiale på Digitalarkivet og våre eigne formidlingskanalar, som skulenmin.no.  

  • Arbeidsstad: Fylkeshuset på Leikanger, Sogndal kommune
  • Lengde på prosjektstilling: 12 månader
  • Søknadsfrist: 1. mai

Les meir om og søk på stillinga på webcruiter: Prosjektmedarbeidar «Skulen min».

Ferievikarar

Vi er på jakt etter deg som kan jobbe sjølvstendig med digitalisering, ordning, systematisering og formidling av historisk kjeldemateriale, og som ønskjer arbeidserfaring frå arkivsektoren. I år skal vi tilsetje fleire ferievikarar i perioden frå juni til august 2022.  

Søknadsfrist er 25. april. 

Arbeidsstad er Leikanger. Tidspunkt for oppstart og lengde på engasjementet vert vi einige om, men vi ønskjer søkarar som veit dei kan jobbe minimum 1 månad.

Les meir om stillingane og søk via webcruiter: Sommarjobb, Arkiv - Vestland fylkeskommune.